Ole Landmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Landmark
Ole Landmark.jpg
Fødd 15. juni 1885
Bergen
Død

7. februar 1970
Bergen

Yrke arkitekt
Ole Landmark på Commons
Forum Kino ved Danmarksplass i Bergen.

Ole Døsen Landmark (15. juni 18857. februar 1970) var ein norsk arkitekt.

Ole Landmark vart fødd og døydde i Bergen. Han var son av ingeniør Johan Peter Berg Landmark og Monsine Dorothea Landmark fødd Døsen. Ole Landmark tok eksamen i 1909 frå Trondhjems Tekniske Læreanstalt på arkitektavdelinga. Etter ei tid som assistent hjå arkitektane Schak Bull og Einar Oscar Schou i Bergen, oppretta Landmark eigen praksis i Bergen i 1910. Landmark teikna Forum kino og Bergens kunstforening i funksjonalistisk stil.

Landmark var, saman med arkitektar som Egill Reimers, Frederik Konow Lund, Kristian Bjerknes og Per Grieg ein del av «Bergens-skolen» i mellomkrigstida. Ole Landmark hadde ei lang rad oppdrag for rike bergenske borgarar. Han teikna Forum kino i funksjonalisme med innslag av art deco. Forum Kino vert rekna som det viktigaste verket hans og er eit hovudverk i norsk funksjonalisme. Bygget er i dag ein av få kinoar frå den tida som er teke vare på intakt.

Arbeidsprosjekt[endre | endre wikiteksten]

  • Kalfarveien 48, 1919 for Skipsreiar Westfal-Larsen.
  • Krohnstadveien 42, 1919 for Torolf hammer.
  • Fagernes, Hopsneset, 1921 for kjøpmann Edv. Riisøen.
  • Storhaugen, Paradis i Bergen, 1922 for Statsråd Gerdt Meyer Bruun.
  • Salhusveien 11, Haugesund, 1923 for skipsreiar Christian Haaland.
  • Rasmus Meyers samlinger, 1924.
  • Rådhuset i Bouchavesnes-Bergen, Frankrike. Bygd 1925.
  • Storetveit kyrkje, 1930. Tildelt Houens fonds diplom 1932.
  • Bergens kunstforening, no Bergen Kunsthall 1934.
  • Mohnegaarden, Paradis i Bergen, 1936 for Wm. A. Mohn.
  • Florida sykehus, 1937.
  • Forum Kino, 1936 – ferdig 1946.
  • Moldegaard i Os, for Statsminister Mowinckel, 1925 (ref Bergen byarkiv)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Knut Rommetveit; Det signerte huset : Ole Landmarks arkitektur i Bergen og Haugesund, 1914-1924 , Hovudoppgåve i kunsthistorie - Universitetet i Bergen, 2003