Ole Larsson Hammerstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Larsson Hammerstad
Fødd 29. januar 1817
Østre Toten
Død

8. august 1873

Yrke politikar, bonde

Ole Larssen Hammerstad (29. januar 18178. august 1873) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Østre Toten i Oppland. Han var far til Hans Olsson Hammerstad. Peder Paulsen Balke var farbror hans.

Far til Hammerstad var gardbrukar på Østre Toten. Sjølv fekk han etter han var konfirmert privatundervisning hos ein kapellan i mellom anna tysk og fransk, engelsk lærte han seg sjølv. I 1839 vart han gardbrukar på Nordli i Sørum, to år seinare overtok han slektsgarden Hammerstad, der mor hans var i frå. Hammerstad var medlem av heradsstyret i Østre Toten 1848-71, ordførar i 1849, 18568-61 og 1870-71.

Hammerstad representerte Kristians amtStortinget 1857-60 og 1865-69. Han var 1857 medlem av gasje- og pensjonskomiteen, 1859-60, 1865-66 og 1868-69 av både militærkomiteen og valkomiteen, samt 1865-66 av traktatkomiteen og 1869 av røysterettskomiteen. Han var medlem av kommisjonar om høvesvis skysslova 1858, skattestellet 1860, og vernepliktslova 1864.

Hammerstad døydde på garden sin i Østre Toten i 1873.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914