Ole Lilleholt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Lilleholt
Fødd8. juli 1836
Holt kommune
Død21. oktober 1914 (78 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
FarReier Thorsen Lilleholt
Alle verv

Ole Reiersson Lilleholt (8. juli 183621. oktober 1914) var ein norsk kontorist, handelsmann, bankmann og stortingsmann frå Holt i Aust-Agder. Han vart med i Stortingets Venstreforening då denne vart danna. Reier Thorsen Lilleholt var far hans.

Lilleholt var i 1852 kontorist hos lensmannen i Holt og sorenskrivaren i Tvedestrand. Frå 1853 til -61 var han krambudreng i Tvedestrand. Åra 1861-64 var han sjølv handelsmann i byen, medan han 1864-80 var kontorfullmektig. Han var leiar for sparebanken frå 1858 til -65, deretter kasserar i banken til 1900.

Lilleholt var medlem av bystyret i mange år, ordførar 1886-?? Vidare var han forlikskommissær 1871-87. Frå 1880 til 1888 representerte han Nedenes amtStortinget. Heile stortingstida var han medlem av budsjettkomiteen.

I desember 1900 var han pasient på Eg asyl i Kristiansand.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]