Ole Martin Lappen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Martin Lappen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. september 1867
Søndre Land kommune
Død

15. april 1943 (75 år)

Yrke bonde, politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeiderdemokratene
Ole Martin Lappen på Commons

Ole Martin Lappen (10. september 186715. april 1943) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Søndre Land. Han representerte ArbeiderdemokrateneStortinget 1910-19 og 1922-24.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Lappen var son til ein gardbrukar i Hov sokn i Søndre Land. I yngre år arbeidde som snikkar og tømrar, til han i 1895 tok over farsgarden og dreiv denne.

Han fekk plass i heradsstyret i 1896 og var ordførar i Søndre Land frå 1907 til 1922. I om lag 10 år var han styremedlem i Venstre si amtsforeining, før han i 1906 vart krinsformann for Arbeiderdemokratene. Han hadde mange verv, var mellom anna ordførar i representantskapen i den lokale sparebanken og styremedlem i Valdresbanen.

Lappen representerte krinsen Hadeland og Land på Stortinget frå 1910 til -18. Han var medlem i Sosialkomiteen, nestformann 1913-18. Ved stortingsvalett hausten 1918 nådde han ikkje opp, men kom innatt på Stortinget 1922-24, då med plass i Landbrukskomiteen. I alle tingsesjonane var han vald for Arbeiderdemokratane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]