Hopp til innhald

Ole Mikal Kobbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Mikal Kobbe

Fødd5. august 1881
Bodø
Død21. august 1955 (74 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, offentleg tenestemann, offiser
Alle verv

Ole Mikal Kobbe (5. august 188121. august 1955) var ein norsk offiser, kommunal tenestemann og politikar for Høgre. 1950–53 var han stortingsrepresentant for Trondheim og Levanger.

Kobbe voks opp i Bodø. Etter å ha gått Krigsskulen, vart han i 1914 utnemnd til kaptein i 1914 og major i 1930. I det sivile liv var Kobbe funksjonær ved Lundemo Bruk og sidan Orkla Grube-Aktiebolag. Frå 1921 var han tilsett hos finansrådmannen i Trondheim kommune, 1926–27 kontorsjef for fattigstellet og 1927–33 kemner. Til sist var Kobbe sjølv finansrådmann i Trondheim kommune 1933–49, bortsett frå nokre år under okkupasjonen då NS-styret avsette han.

Kobbe var elles styreformann 1924-54 i Adresseavisen. 1950-53 var han ordførar i representantskapet i Trondhjems Sparebank og 1951–53 styreformann i livsforsikringsselskapet Sparetrygden. Medan han var finansrådmann i kommunen var han formann i hamnestyret i Trondheim, ein sentral posisjon i nærings- og byutviklinga.

Kobbe var 1931-34 medlem i  Trondheim bystyre. Hausten 1949 vart han vald til å representere kjøpstadene i Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag i Stortinget. 1950–53 var han medlem i Kommunalkomitéen.