Ole Mustad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Mustad
Fødd12. mars 1810
Død24. februar 1884
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
BarnKristian Mauritz Mustad, Hans Mustad

Ole Hovelsen Mustad (12. mars 181024. februar 1884) var ein norsk industripioner, lensmann og stortingsmann. Han var leiande i utviklinga av firmaet O. Mustad & Søn. Mustad var frå Vardal. Kristian Mustad var sonen hans.

Mustad var lensmann i Vardal frå 1834 til 1857. Han tok i 1843 over Brusveen Spiger- og Staaltraadfabrikk, grunnlagt av svigerfaren Hans Skikkelstad i 1832. Firmaet vart heitande O. Mustad. Fabrikken låg ved Hunnselva i Vardal. Mustad utvida drifta til å omfatte både støyperi og sagbruk, attåt den opphavlege produksjonen av ståltrad og spikar.

I 1874 vart sonen Hans Mustad medeigar, og firmanamnet vart endra til O. Mustad & Søn. Spikarproduksjonen vart flytta til Lysaker i Bærum i 1876. Fabrikken i Vardal spesialiserte seg frå då av på å lage fiskekrokar.[1][2] Selskapet vart verdas største produsent av fiskekrokar.[3]

Mustad representerte Kristians amtStortinget i 1854. Han var medlem av næringskomite nr 1. Også medlem av forlikskommisjonen og direktør i sparebanken.

Han døydde på Brusveen i Vardal, garden der han hadde budd sidan 1836.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Timeline - Mustad.no
  2. History - Mustad Eiendom
  3. «Mustad & Søn AS, O.». Aschehoug og Gyldendals Store norske leksikon. Kunnskapsforlaget. 2007.