Ole N. Strømme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole N. Strømme
Fødd 23. februar 1876

Sykkylven

Død 17. februar 1936
Oslo
Parti Venstre
1. verv Norsk sosialminister
 - periode 3. mars 1933–27. oktober 1933
 - regjering Mowinckel III
 - føregangar Jakob N. Vik
 - etterfylgjar Trygve Utheim
2. verv Stortingsrepresentant
 - periode 1931–1936
 - valkrins Møre fylke
3. verv Ordførar i Sykkylven
 - periode 1910–1919

Ole Nikolai Ingebrigtsson Strømme (23. februar 187617. februar 1936) var ein norsk lærar, gardbrukar, lensmann og politikar frå Sykkylven. Han var statsråd og sjef i Sosialdepartementet i Mowinckels tredje regjering.

Strømme var son til ein gardbrukar på matrikkelgarden Straume i Sykkylven. Etter mellomskuleeksamen i Volda i 1892, var han elev ved Stord seminar i tida 1893–95. Han var så lærar 1895-97 i Bremanger, og deretter folke- og framhaldsskulelærar i heimbygda Sykkylven fram til 1919. I 1907 kjøpte han eit småbruk på matrikkelgarden Straumgjerde i Sykkylven, og dreiv dette sidan. Frå sommaren 1919 var han lensmann i Ørskog.

Stortingsperioden 1931-33 representerte Strømme partiet Venstre og Møre fylke på Stortinget, der han var sekretær i Justiskomiteen. Den 3. mars 1933 vart han utnemnd til sosialminister i ei regjering leidd av Johan Ludwig Mowinckel, ein posisjon han hadde til 28. oktober same året. Tingbolken 1934-36 var Strømme fyrste varamann frå Møre fylke, og møtte på Tinget ei veke i mars 1935 i staden for Peter Syltebø, og frå januar 1936 i staden for avdøde Martin J. Strand. Han vart då nokså omgåande sjuk og døydde i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]