Ole Nielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Nielsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. februar 1827
Død

23. april 1915 (88 år)

Yrke forretningsdrivande

Ole Nielsen (12. februar 182723. april 1915) var ein norsk industrimann som starta fargeri på Sandnes og spinneriverksemd på Ålgård i Gjesdal.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Nielsen kom frå eit haugianarmiljø i Hjelmeland i Ryfylke der han voks opp på husmannsplassen Presthagen. Han var fødd 12. februar og blei døypt 18. februar i Hjelmeland. Foreldra hans heitte Niels Rasmusen og Mari Steenslaget, begge av husmannsætt. I barndommen arbeidde Nielsen som gjetargut. Han blei konfirmert som fjortenåring, og kom i fargerilære i Stavanger hjå den kjende haugianaren John Haugvaldstad då han var 15 år gammal. I 1850 flytta han til Sandnes og starta eit fargeri. Han blei raskt ein respektert borgar av byen, blant anna som bystyremedlem.

Føretak[endre | endre wikiteksten]

Nielsen fann inspirasjon hjå svenske handelsmenn, som fortalde om fargarar som ved sida av yrket sitt åtte og dreiv bondespinneri. Bøndene kom til dei med ulla si, og fargaren spann ulla på maskinane sine. Nielsen drog til Sverige for å studera denne ullvareindustrien nøyare. I 1869 starta han eit lite spinneri på Sandnes som brukte hestekraft for å halda maskinane i gang. Fem mann arbeidde på dette bondespinneriet, som hadde ein svensk spinnar som ekspert. Drivkrafta var eit problem og våren 1870 kjøpte Nielsen ein fossÅlgård av Svend Olsen Aalgaard for 600 kroner.

Den indre hovudvegen frå Sandnes til Ålgård blei utbetra i 1866–69, noko som ikkje lenger gjorde transporten uoverkommeleg. Vegen var ein viktig føresetnad for å flytte verksemda til det beste ulldistriktet på Jæren. Maskinane blei flytta til Ålgård saman med arbeidarane og den svenske eksperten. Denne verksemda fekk namnet Aalgaards Uldspinderi. Ho bytta seinare namn til De Forenede Ullvarefabrikker.

Fabrikken som blei reist i 1870 var først tenkt som eit bondespinneri, ei enkel og billeg løysing der dei tilsette budde på loftet. Ole Nielsen kjøpte snart nye maskinar etter eit nytt opphald i Sverige. Den viktigaste av desse maskinane var spinnestolen. Fabrikken var i drift i løpet av 1870, og i 1873 kjøpte han ein foss på Edland. Anlegget på Ålgård voks raskt, det blei bygd hus og kjøpt inn brukte maskinar frå Sverige.

Lokale bønder såg med interesse på verksemda til Nielsen. Fleire av dei gjekk saman om å skaffa kapital til å starta ei eiga verksemd. Nielsen frykta konkurranse og overtalte bøndene om å slå saman verksemdene. På denne måten fekk spinneriet frisk kapital, samstundes som Nielsen sat med halvparten av aksjane og i realiteten styrte verksemda.

Den friske kapitalen førte til at fabrikken etterkvart gjekk vekk frå leiespinning til å kjøpa ulla frå bøndene. Fram mot hundreårsskiftet blei det ført opp fleire bygningar tilknytt fabrikken, og fleire nye maskinar kom til. No tok også verksemda til med å veva garnet.

Verksemda blei utvida ved at Nielsen starta ein fabrikk på Figgjo i 1893. Denne gjekk inn i aksjeselskapet Aalgaards Uldvarefabrikker.

Ole Nielsen flytta til Ålgård frå Sandnes i 1878. Fabrikken på Ålgård sysselsette 246 personar i 1898. Rundt ein tredjedel av dei tilsette var gjesdalbuer, resten var tilflytta. Nielsen trekta seg frå leiinga av føretaket i 1894.

Omtale og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Nielsen bygde på haugianske og patriarkalske tradisjonar, men var ingen typisk haugianar. Sven Eliassen fortalde om Nielsen i 1936 at han «var grei, men ikkje nådig om du fall i unåde hos han. Då vi la den første turbinen stod han over oss og skjenkte dram.»

På 100–årsdagen for fødselen hans blei ei byste av han avdekt utanfor Storahuset på Ålgård. Nielsen fekk kongen sin fortjenstmedalje i 1887 og blei riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1903.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

  • Werner Erichsen, Egil: Aalgaards Uldvarefabrikker – Dei Forenede Ullvarefabrikkar D.F.U. 1870-1945, Oslo 1947
  • Nordås, Hallvard: Gjesdal Bygdebok 1870-1989, Gjesdal Kommune 1989
  • Stavanger Turistsamskipnad: Høgt og lågt i Gjesdal, Årbok 2000