Ole Nilssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Nilssen
Ole Nilssen.jpg
Ole Nilssen
Foto: Ole Olsen Ranheimsæther
Fødd 27. september 1829
Straumsnes i Møre og Romsdal
Død

28. mai 1912
Øre

Ole Nilssen (27. september 182928. mai 1912) var ein norsk lærar, lensmann og politikar frå StraumsnesNordmøre. Han var stortingsrepresentant frå 1865 til 1894.

Nilssen var fødd på ein husmannsplass under garden Næstad i Straumsnes. I oppveksten dreiv han fiske, var så seminarist frå Klæbu i 1849. Han var lærar på ein skule i Trondheim eitt år, deretter omgangsskulelærar i Frei. I 1853 kjøpte han garden Einset i Straumsnes, dreiv denne i 29 år. Lærar og kyrkjesongar i Tingvoll frå 1853 til 1856 og deretter lærar i Straumsnes, kyrkjesongar frå 1864. Mange år ordførar, fyrst i Tingvoll, og seinare i den utskilde kommunnen Straumsnes. I 1880 vart han tilsett som lensmann i Gjemnes. Han busette seg då på garden Skei i Øre.

Nilssen representerte Romsdals amtStortinget fyrste gongen i 1865. Han var medlem av protokollkomiteen i periodane 1865–66 og 1868–69, medlem av kyrkjekomiteen 1871–85, sekretær i Odelstinget 1883–8 og sekretær i Stortinget og medlem av justiskomiteen 1889–91. Frå 1892 til -94 var han medlem av Lagtinget, valkomiteen, fullmaktskomiteen og justiskomiteen. Då partigrupperingane vart danna i 1883, melde Nilssen seg inn i Venstre. Seinare vart han boden statsrådsplass av påtroppande statsminister Johannes Steen, men avslo.

Nilssen overlet lensmannsombodet i Gjemnes til sonen i 1908. Han vart utnemnd til riddar av 1. klasse i St. Olavs Orden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]