Ole O. Lian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole O. Lian

Fødd10. november 1868
Tønsberg
Død21. februar 1925 (56 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, typograf, fagforeiningsleiar
Alle verv

Ole Olsen Lian (fødd 10. november 1868 i Tønsberg, død 21. februar 1925 i Oslo) var ein norsk Arbeidarparti-politikar og formann for LO frå 1906 til han døydde. Det var medan Lian var leiar at LO vart ein masseorganisasjon.

Lian var fødd i Tønsberg og var utdanna typograf. Han vart først politisk engasjert i det anarkistiske miljøet rundt Kristofer Hansteen og Anarkistisk-Communistisk Gruppe «Libertas», men kom etter kvart i kontakt med både fagrørsla og Arbeidarpartiet. I 1905 vart han nestformann i LO og året etter vart han vald til formann. Lian var mellom dei kreftene i partiet og fagrørsla som brukte mykje tid og krefter på å kjempe ned Fagopposisjonen av 1911, og han var sterkt medverkande til at denne straumninga ikkje vann fleirtal i leiinga i LO, slik den gjorde i Arbeidarpartiet.

Ole O. Lian si grav på Vestre gravlund i Oslo

Han valde likevel å bli i partiet då mindretalet gjekk ut og danna Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti, først og fremst fordi han ville halde arbeidarrørsla samla. Politisk var han framleis ein eksponent for høgrefløyen, noko som mellom anna medførte eit forsøk frå Komintern på å få han ekskludert. Etter kvart som motsetningane mellom Komintern og Tranmæl-fløyen tiltok i 1922-23 førte dette han inn i ein allianse med Tranmæl.

Ole Lian var nestformann i Arbeidarpartiet mellom 1912 og 1918 og stortingsrepresentant mellom 1916 og 1921.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]