Ole Olsen Malm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Olsen Malm
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. mars 1854
Stavanger kommune
Død

6. mai 1917 (63 år)

Yrke lege, veterinær, politikar
Politisk parti Samlingspartiet

Ole Olsen Malm (14. mars 18546. mai 1917) var ein norsk veterinær, lækjar og politikar. Han var sentral i arbeidet mot tuberkulose og i forsking på husdyrsjukdomar, den fyrste i Skandinavia som reindyrka tuberkelbakterien frå menneske og svin. Malm var ein pådrivar i arbeidet med å byggje ut veterinærstellet i Noreg, og sentral i etableringa av Veterinærinstituttet.

Malm var son til ein skreddarmeister i Stavanger og tok medisinsk embetseksamen i Kristiania i 1880. Det neste året var han i arbeid ved Rikshospitalet og i Fredrikstad, før han dreiv ein legepraksis i Øyer 1881-84 og i Sør-Odal 1884-87. Frå 1887 til -89 studerte han veterinærmedisin i København, og i 1894 tok han den medisinske doktorgraden med ei avhandling om tuberkulin.

År 1890 vart Malm utnemnd til overlege for det sivile veterinærstellet i Noreg, frå 1894 med tittelen veterinærdirektør. Den stillinga hadde han også då han døydde. Som veterinærdirektør var han ansvarleg for nedkjempinga av storfetuberkulose, ein sjukdom som i løpet av hans virketid vart kraftig redusert i Noreg. Han starta regulær produksjon av tuberkulin til diagnostisk bruk hos både menneske og husdyr, og produserte tidleg antiserum mot difteri hos hest og koppevaksine hos kalv.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Frå 1895 til 1910 sat Malm i bystyret i Kristiania, i ein periode også i formannskapet. Han vart vald inn i Stortinget 1906-09 for Samlingspartiet og krinsen Hammersborg i Kristiania, og representerte partiet etter å ha teke avskjed som veterinærdirektør. Allereie året etter måtte han trekke seg frå Stortinget, då han på ny vart utnemnd til veterinærdirektør og såleis ikkje lenger valbar. På Tinget var han medlen av konstitusjonskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi[daud lenkje]