Ole Olsen Nauen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Olsen Nauen
Fødd21. juli 1866
Død10. desember 1931 (65 år)
Statsborgar avNoreg
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1910–1912)
  • vararepresentant til Stortinget (1913–1915)
  • vararepresentant til Stortinget (1919–1921)
  • stortingsrepresentant (1922–1924) Sjå dette på Wikidata

Ole Olsen Nauen (21. juli 186610. desember 1931) var ein norsk gardbrukar, verkseigar og politikar frå Sem i Vestfold. Han representerte HøgreStortinget i tre valbolkar i tida 1910-24.

Far til Nauen var gardbrukar og klokkestøypar. Ole Olsen Nauen sjølv fekk stipend for å studere klokkestøyping i Tyskland. Han tok over leiinga av klokkestøyperiet på Nauen i 1893 og styrte verksemda til 1925. Støyperiet voks mykje gjennom desse åra, og vart i praksis den einerådande leverandøren av kyrkjeklokker i Noreg. Han var også gardbrukar på farsgarden.

Nauen var med i heradsstyret i Sem i 24 år, ordførar i tre av åra og varaordførar i ni år. Elles var han åstadskommissær og styreleiar i den lokale sparebanken.

Valbolken 1910-12 var han varamann til Stortinget frå Jarlsberg krins, møtte 26. juni–8. august 1911 og 6. mai–4. juli 1912, begge gongane i staden for Christoffer Hannevig og som medlem i sosialkomiteen. På ny stortingsvaramann 1919-21 frå Jarlsberg, møtte heile sesjonane i 1920 og 1921, i staden for permitterte Sam Eyde, medlem i Finans-og tollkomiteen. Valbolken 1922-24 var han fast representant på Stortinget frå Vestfold fylke, medlem i Justiskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]