Ola Nyhuus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ole Olsen Nyhus)
Ola Nyhuus

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. april 1827
Trysil kommune
Død

11. mars 1874 (46 år)

Yrke bonde, politikar
Språk norsk
Far Ole Nyhuus d.e.

Ola Olsen Nyhuus (20. april 182711. mars 1874) var ein norsk gardbrukar, skogbestyrar og stortingsmann frå Trysil i Hedmark.

Far hans var gardbrukar og fullmektig for det svenske firmaet AS Mölnbacka-Trysil. Sjølv arbeidde han ei tid på kontoret til Mölnbacka-Trysil, og då faren døydde overtok han som fullmektig for selskapet. Attåt var han stor skogeigar sjølv. Han var ordførar 1859-63 i Trysil, medlem av forlikskommisjonen og formann i matrikkelkommisjonen i heradet.

Han var stortingsmann 1865-66 for Hedemarkens amt, medlem av vegkomiteen. Også til Stortinget 1868-69 vart han vald, men grunna sjukdom møtte han ikkje.

Nyhus døydde på Størks i Trysil i 1874. Han var far til bibliotekaren Haakon Nyhuus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]