Ole Olsen Qvam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Olsen Qvam
Fødd 1778
Vang
Død

25. november 1832
Vang

Yrke bonde, politikar

Ole Olsen Qvam (177825. november 1832) var ein lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Vang i Oppland.

Qvam var son til ein gardbrukar på Leirhol i Vang. Faren døydde tidleg og mora gifta seg oppatt til garden Kvam i same bygda. Han hadde gode evner og fekk etter konfirmasjonen i to år undervisning av presten i Vang. Sidan var han kontorist hos lensmannen i Vang, og etter at denne døydde tok han over lensmannsstillinga. Han kjøpte garden Kvale, ein gard som han dreiv fram til eit mønsterbruk.

Qvam var 2. representant frå Kristians amtStortinget 1821, 1822 og 1824. På alle tingsamlingane var han medlem av Lagtinget. I 1821 var han medlem av fire komitear og i 1824 av komiteen om jordbruk og fedrift. Han var medlem av riksretten mot Herman Wedel Jarlsberg, men var utskoten i riksrettssaka mot Thomas Fasting.

Han døydde på garden sin i Vang i 1832.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]