Ole Pålsson Håkenstad
Ole Pålsson Håkenstad | |
![]() Ole Håkenstad på eit måleri av Matthias Stoltenberg | |
Fødd | 17. oktober 1775 Fron |
Død | |
Yrke | bonde, politikar |
Ole Pålsson Håkenstad på Commons |
Ole Pålsson Håkenstad (17. oktober 1775–16. april 1866) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann. Han møtte i Stortinget fyrste gongen i 1814, siste gongen i 1842.
Håkenstad var frå garden Harildstad i Nord-Fron i Oppland. Tidleg i 1800-åra arva han garden Håkenstad i Vågå etter morbror sin, og budde der sidan.
Håkenstad var forlikskommissær i Vågå og valmann i lang tid. 1820-22 var han mellombels lensmann i bygda.
Til stortinget vart Håkenstad vald fyrste gongen til det overordentlege storting 1814 for Kristians amt (Oppland). Han var representant på tingsamlingane 1815-16, 1818, 1824, 1827, 1833, 1836, 1839 og 1842. Og så deltok han på to overordentlege stortingssesjonar (1828 og 1836-37). Til stortingsvala 1821 og 1830 baud han seg fri. I dei ulike stortingssesjonane sat han i ei rekke komitear, på 1818-tinget heile femten ulike komitear.
Håkenstad var medlem av den 25 mann sterke deputasjonen frå stortinget som møtte Kristian Fredrik på Bygdøy den 10. oktober 1814, for å take imot kongens abdikasjonserklæring.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet, 1814-1914. B. 1 D. 1 : Biografier A-K digital utgåve side 317
- Biografisk informasjon om Ole Pålsson Håkenstad NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1775
- Døde i 1866
- Stortingsrepresentantar 1814
- Stortingsrepresentantar 1815-1817
- Stortingsrepresentantar 1818-1820
- Stortingsrepresentantar 1824-1826
- Stortingsrepresentantar 1827-1829
- Stortingsrepresentantar 1833-1835
- Stortingsrepresentantar 1836-1838
- Stortingsrepresentantar 1839-1841
- Stortingsrepresentantar 1842-1844
- Stortingsrepresentantar for Oppland
- Norske gardbrukarar
- Folk frå Nord-Fron
- Folk frå Vågå