Ole Peter Larsen
Ole Peter Larsen | |
Fødd | 9. september 1808 |
---|---|
Død | 25. oktober 1876 (68 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Yrke | lege |
Barn | Alfred Sinding-Larsen |
Ole Peter Larsen (9. september 1808–25. oktober 1876) var ein norsk lege frå Drøbak som representerte Fredrikstad på Stortinget 1862-66.
Larsen var son til ein skipper. Sjølv gjekk han ut frå Christiania katedralskole i 1829 og vart cand.med. i 1836. Han var koleralege i Christiania i 1833 og i Fredrikstad og Farsund i 1834. Sidan var han kompanikirurg ved 1ste akershusiske brigade i 1838 og garnisonslege 1847 i Fredrikstad. Frå 1860 korpslege og 1870 brigadelege i førnemnde akershusiske brigade. Larsen budde i Fredrikstad frå 1836, der han også var sjukehuslege og frå 1845 fattiglege.
Larsen var i mange år medlem i Fredrikstad bystyre, fleire av dei som ordførar. Han var òg styreformann i sparebanken. Både i 1862-63, 1865-66 og på omframtstortinget 1864 var han tingmann for Fredrikstad, medlem 1862-63 i Protokollkomiteen og 1865-66 i Justiskomiteen og Lagtinget.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914