Ole Rømer Sandberg den yngre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Rømer Sandberg den yngre
Fødd 21. juli 1900
Død

26. august 1985

Yrke politikar, bonde

Ole Rømer Aagaard Sandberg (21. juli 190026. august 1985) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Furnes i Hedmark. Sandberg var i tida 1958-65 stortingsrepresentant frå Hedmark, vald for Senterpartiet. Også faren Ole Rømer Sandberg var stortingsmann.

Sandberg tok artium i 1919 og gjekk Vinterlandbruksskueln 1920/21. Dei neste åra studerte han ved Noregs landbrukshøgskole og tok eksamen i 1925. Etter faren døydde same året var han gardsstyrar på slektsgarden Hol, ein storgard i Furnes herad, til 1935. Han tok då over garden og dreiv han til 1961. Noko etter vart han også eigar av garden Kåtorp.

Sandberg var medlem av Furnes heradsstyre frå 1934 til 1959. Han var elles styremedlem 1940-45 i Potetmelfabrikantenes Salgskontor, 1941–45 i Gartnerhallen, 1946-49 i Felleskjøpet og 1949-55 i Norges landbruksvitenskapelige forskningsråd. Tida 1951-53 var han formann i Hedmark Bondelag og 1951-55 i Norges Bondelag. I tillegg til ei lang rekke andre verv var Sandberg også styremedlem i Arbeidsdirektoratet frå 1955 og nestformann 1959-64.

I krigstida var Sandberg med i Hjemmefrontens Ledelse. I 1945 var han med i Økonomisk samordningsråd og i leiinga av Erstatningsdirektoratet.

Sandberg var stortingsrepresentant frå Hedmark 1958 til 1965. På Tinget var han medlem i Finanskomiteen, nestformann i perioden 1961-65. Etter han sa nei til å verte renominert på Senterparti-lista til stortingsvalet 1965, leidde Sandberg i 1966-67 eit utval sett ned av Finansdepartementet som skulle gjere «en analyse og vurdering av vårt samlede system av skatter, avgifter, premier, subsidier og stønader i samsvar med mandat utformet av Finansdepartementet».

I 1971 vart Sandberg utnemnd til heidersmedlem i Norges Bondelag.

Han døydde i 1985 på Hamar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]