Ole Røsholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Røsholm
Fødd 7. april 1839
Hole
Død

1923

Yrke politikar

Ole Røsholm (7. april 18391923) var ein norsk næringsdrivar og politikar frå Hole i Buskerud.

Røsholm var son til ein gardbrukar i Hole. Sjølv arbeidde han som handelsbetjent i Kristiania frå 1855, og starta eiga forretning på Hønefoss i 1860. Frå 1872 eigde og dreiv han garden Hof i Norderhov, der han overtok krutverket og fekk bygt tresliperi i 1882 og papirfabrikk i 1891.

Han var fyrst varaordførar i Norderhov frå 1886, og sidan ordførar i tida 1894-1901. Perioden 1907-09 var han stortingsrepresentant for einmannskrinsen Ringerike og for Samlingspartiet. På Stortinget var han medlem av Lagtinget og av justiskomiteen. I 1907 var han permittert frå tinget frå 10. juli, i 1908 frå 17. august.

Røsholm var styreformann i Ringerike Sparebank i mange år, og tok del i styringa av mange industriverksemder.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]