Ole Randers
Ole Randers | |
Fødd | 14. april 1779 Hølen |
Død | |
Yrke | prest, politikar |
Ole Christopher Randers (14. april 1779–24. mai 1856) var ein norsk prest og stortingsmann frå Hølen i Akershus. Han var farfar til Kristofer Randers.
Randers vart cand. theol. i København i 1804. Åra 1802-06 var han lærar ved krigsskulen. Sidan var han residerande kapellan i Asker frå 1806 til han i 1808 var pers. kapellan ved slottskyrkjelyden i Christiania. I 1811 vart han sokneprest i Skjeberg, eit embete han styrte heilt fram til han døydde, 45 år seinare.
Randers var 2. representant frå Smaalenenes amt på Stortinget 1830, medlem av kyrkjekomiteen.
Død i Skjeberg i 1856.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914