Ole Roald Rynning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Roald Rynning
Fødd 12. november 1838
Sauland
Død

14. august 1916
Åsgårdstrand

Ole Roald Andreas Rynning (12. november 183814. august 1916)[1] var ein norsk sakførar og stortingsmann frå Sauland i Telemark. Carl Rynning var bror hans.

Rynning vart student frå Heltbergs skole («studentfabrikk») i 1858 og cand. jur. i 1858. Han var så eit år kopist i revisjonsdepartementet, før han 1864-67 var fullmektig hos sorenskrivaren i Nordre Jarlsberg. Frå 1867 arbeidde han som overrettssakførar i Drammen. Borgarmeister i byen i perioden 1890-1913.

Han var medlem av bystyret i Drammen frå 1882 til -90. Tida 1875-90 var han forstandar for 'Erik Børresens stiftelse'.

Rynning representerte Drammen på Stortinget frå 1883 til 1897. Han var medlem av militærkomiteen 1883-91 og av justiskomiteen 1892-97. I den siste perioden sin på Stortinget var han også medlem av Lagtinget. Både i 1895 og 1897 vart han permittert, frå høvesvis 12. mai og 30. juli. Rynning var medlem av Høgre si gruppe på Stortinget frå denne vart skipa i 1884.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Haffner, Vilhelm (1949). Stortinget og statsrådet: med tillegg til Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Oslo: [Aschehoug]. s. 44.  linjeskift-tegn i |tittel= på plass 60 (hjelp)