Ole Schare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Schare
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. desember 1766
Øvre Eiker kommune
Død

21. januar 1829 (62 år)
Kristiansund kommune

Yrke embetsmann, politikar
Språk norsk

Ole Toresen Schare (31. desember 176621. januar 1829) var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Øvre Eiker i Buskerud.

Schare var fødd på garden Skara i Øvre Eiker, der far hans dreiv eit gardsbruk. Sjølv reiste han til Danmark og tok dansk juridisk eksamen i 1791, og arbeidde deretter som prokuratur ved både under- og overretten i Noreg frå 1792. I 1802 fekk han stilling som byfut i Kristiansund. Han utmerkte seg då byen forsvarte seg mot britiske angrep i ufredsåra 1807-14.

Schare representerte valkrinsen Kristiansund og MoldeStortinget 1815-16. Han var medlem av Lagtinget, riksretten og fire komitear, mellom anna av komiteen vedkomande økonomi, handel og sjøstell i kjøpstadene.

I 1820 vart Schare suspendert frå byfut-stillinga, grunna mangel i kassa til byfuten. Tre år seinare vart han frådømd embetet, grunn embetsførsla. 27. juli 1824 vart han ved underretten dømt til å betale sakskostnadene. Samstundes vart han sett i fengsel på festninga i Trondheim, der han måtte sitje til dess 6 100 spesiedalar var innbetalt. Dommane vart stadfesta i høgare rett, sist av Høgsterett 18. mai 1926.

Ved kongeleg resulosjon av 16. februar 1828 vart Schare friteken frå å arbeide saman med andre fangar på festninga, og fekk bupel åtskild frå dei andre fangane. Eit lite år seinare døydde han i Kristiansund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]