Ole Torjeson Lindstøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Torjeson Lindstøl
Fødd 26. juni 1820
Vegårshei
Død

16. oktober 1905
Lindstøl i Søndeled

Yrke bonde, politikar

Ole Torjeson Lindstøl (26. juni 182016. oktober 1905) var ein lærar, gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Vegårshei i Aust-Agder. Han var far til Tallak Lindstøl.

Far hans var leiglending på eit bruk i Vegårshei. Sjølv vart han seminarist frå Holt seminar i 1840, og var dei neste ti åra omgangsskulelærar i heimbygda. Han kjøpte i 1850 garden Lindstøl i Søndeled og busette seg der året etter. I Søndeled var han medlem av heradsstyret 1853-1901, ordførar 1859-79. Lindstøl var den fyrste formannen i Søndeled bondevenforening, ein skipnad som stod bak opprettinga av den lokale sparebanken og ei brannkasse. Han var forlikskommissær frå 1856 og formann i sparebanken frå 1870. Under gjennomføringa av skulelova av 1889 var han formann i skulestyret.

Lindstøl var stortingsmann frå 1862 til 1888, heile tida frå Nedenes amt. Han var medlem av budsjettkomiteen 1862-74, jarnbanekomiteen 1872-88, valkomiteen 1872-76 og 1880-88 røysterettskomiteen 1875-76, skattekomiteen 1875-79 og 1882, fullmaktskomiteen 1880-88. Sesjonane frå 1878 til -88 var han medlem av Lagtinget. Han var då medlem av riksretten mot Selmer-ministeriet. I 1888 avslo han eit tilbod om å gå inn i Sverdrup-regjeringa. Lindstøl deltok i kroningsdeputasjonen til Trondheim i 1873 og var medlem av den kongelege tollkommisjonen 1879-80.

Han døydde på garden sin i Søndeled i 1905.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]