Ole Worm
Ole Worm | |||
![]() | |||
Fødd | 13. mai 1588 Aarhus | ||
---|---|---|---|
Død | 31. august 1654 København | ||
Nasjonalitet | Kongeriket Danmark | ||
Yrke | arkeolog, forhistoriker, universitetslærar, lege, fysikar, zoolog, naturvitar | ||
Institusjonar | Københavns Universitet | ||
Alma mater | Universitetet i Basel Philipps-Universität Marburg Københavns Universitet Aarhus Katedralskole | ||
Barn | William Worm |
Ole Worm (latinisert som Olaus Wormius, 13. mai 1588–31. august 1654) var ein dansk polyhistor («universalgeni»), lege og arkeolog. Han var professor i fleire fag ved København Universitet, gav ut fagbøker om historie og samla sjeldne natur- og kulturgjenstandar i eit eige museum.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Worm var fødd i Århus. Han studerte medisin ved fleire europeiske universitet, og praktiserte ei tid som lege i England.
I 1613 blei han utnemnd til professor ved Københavns Universitet. Han byrja som pædagogicus, som var den lågaste rangen, men etter kvart gjekk han oppover i gradene til han i 1624 vart professor i medisin, ei stilling han hadde til han døydde. I fleire periodar var han også rektor ved universitetet.
Ole Worm var også ein engasjert oldtidsforskar, og i 1643 gav han ut Monumenta danica, ei samling bilde av runesteinar og runeinnskrifter. Han bygde opp eit stort museum, Museum Wormianum. Hovuddelen av samlinga var frå mineral-, plante- og dyreriket, men ho omfatta også antikvariske gjenstandar, kunstgjenstandar og etnografika.[1] Etter at han døydde blei samlinga del av det danske Kongens kunstkammer. Her er det ein figur frå det gamle Egypt,[2] så vel som eit relikviegøyme i bergkrystall, som Worm hadde fått i 1634 av ein pasient, ein svensk offiser som hadde teke det som krigsbytte i trettiårskrigen.[3]
Worm oversåg ikkje at Noreg kunne vera ei kjelde til informasjon om fortida. Sommaren 1626 reiste studenten Jon Skonvig, på oppdrag frå Worm, rundt i Bergens stift for å registrera lokale fortidsminne. Mellom anna kom han under opphaldet sitt i Jølster på sporet av Audun Hugleiksson, sjølv om han skildra ruinane av slottet til Audun som «en Steenhob».[4]
Gjennom åra sine som lege i København jobba han med alle pasientgrupper, med alt frå medlemmer av kongehuset til dei aller fattigaste. Han utmerkte seg også gjennom fleire pestepidemiar, då han blei igjen i byen for å pleia pasientane sine. I si levetid opplevde Worm i alt minst fem pestutbrot i København. Fyrst i 1625 blei det innført lovar om forholdsreglar ved utbrot av pest. I det eine mista han ei dotter, i eit anna den fyrste kona si, Dorothea Fincke, far sin, søster si og svogeren sin Caspar Bartholin. I ein seinare epidemi mista den andre kona si, Susanne Madsdatter, sjølv om han for hadde prøvd å trygg henne ved å senda henne på landet. Som han skreiv, hadde han «mistet min eneste Trøst i dette elendige Liv, min højtelskede Hustru». Sjølv døydde han i koleraepidemien i København i 1653-1654. Sjukdommen hadde teke livet av ein tredel av befolkninga på Bornholm hausten 1653, og blir nemnd for fyrste gong i København 24. februar 1654, då ein registrerte at Karen Lauritzdatter frå Ebeltoft var død av pest 20 år gammal. Fram til midten av mai blei «stor P» (for «død av pest») berre brukt nokre få gonger. Men då tok sjukdommen seg opp, og rasa heftig til utpå hausten. Då var også Worm død. Til sonen sin Willum skreiv han 22. juli 1654 om sjukdommen at han var «heftig», drap i løpet av fire dagar, og at sjukdomsforløpet innebar mattheit, frostrier, byllar og mot slutten svarte og gustne flekker i huda.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Museum Wormianum, Ole Worms Museum. Wikipedia Commons
- ↑ Medallie Cabinettet «Idolum Isidis»
- ↑ Medallie Cabinettet «Et stoert støche Christal med et Kaars udj»
- ↑ Dei eldste opplysningane Arkivert 6. april 2009 på Wayback Machine., UiB
- ↑ Knudsen, Lise Gerda: «Pesten er nu begyndt at hærge her», Personalhistorisk tidsskrift 2008:2, utgitt av Samfundet for dansk genealogi og personalhistorie
- Denne artikkelen bygger på «Ole Worm» frå Wikipedia på bokmål, den 5. februar 2025.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Breve fra og til Ole Worm, I-III, oversat (fra latin) af H.D. Schepelern og Holger Friis Johansen. Kbh., 1965-68.
- H.D. Schepelern, Museum Wormianum: Dets Forudsætninger og Tilblivelse. Aarhus 1971.