Oleksandr Klymenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oleksandr Klymenko
Statsborgarskap Ukraina
Fødd 27. mars 1970
Kiev
Død

7. mars 2000
Kiev

Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Oleksandr Klymenko[a] (27. mars 19707. mars 2000) var ein ukrainisk kulestøytar som tevla for Sovjetunionen til 1991, sidan for Ukraina. Han vart europameister i kulestøyt i 1994, og fekk VM-bronse i 1991.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Klymenko vann kuletevlinga under junior-VM i 1988 og junior-EM 1989. I 1991-sesongen fekk han sitt internasjonale gjennombrot. Han støytte for fyrste gong over 20 meter og vart både sovjetisk meister og vinnar av universiaden i kulestøyt. I verdsmeisterskapen 1991 i Tokyo fekk han bronsemedaljen etter eit bestestøyt på 20,34 m, sveitsaren Werner Günthör vann ein suveren siger i tevlinga, medan nordmannen Lars Arvid Nilsen fekk sølvmedaljen.

Den 29. mai 1992 sigra Klymenko i den ukrainske meisterskapen med ny personleg rekord på 20,84 meter- Under dei olympiske leikane i Barcelona i 1992 støytte han 20,23 m og vart nummer åtte. Året etter rauk han ut av verdsmeisterskapen i Stuttgart, med knapp margin, allereie i kvalifiseringa. Derimot forsvarte han tittelen som studentmeister i universiaden.

Friidretts-EM 1994 i Helsingfors vart ein stor triumf for kulestøytarane frå Ukraina. Dei tre karane, Klymenko, Oleksandr Bahatsj og Roman Virastjuk la beslag på alle medaljane med høvesvis 20,78 m, 20,34 m og 19,59 m.

Klymenko var 1,95 m høg og vog 115 kg i si tid som aktiv. Relativt tidleg slutta han med friidrett, arbeidde i staden som livvakt. Han vart skoten.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ukrainsk skrift Олександр Клименко

Kjelder[endre | endre wikiteksten]