Olga Bondarenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olga Bondarenko
Fødd 2. juni 1960
Slavgorod
Yrke langdistanseløpar, friidrettsutøvar

Olga Petrovna Bondarenko, fødd Krentser (fødd 2. juni 1960) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Slavgorod i Russland som representerte Sovjetunionen på langdistansane. Ho vart europameister 1986 på 3 000 m og olympisk meister 1988 på 10 000 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Olga Krentser sette allereie 7. august 1981 verdsrekord på 10000 m med tida 32.30,8, på ein distanse der Det internasjonale friidrettforbundet (IAAF) ikkje hadde byrja registrere rekordar. Den 24. juni 1984 sette ho derimot den fyrste offisielle verdsrekorden i øvinga då ho i Kiev, som Olga Bondarenko kom ho i mål på tida 31.13,78.

I 1985-sesongen sette Bondarenko personleg rekord på 5 000 m med tida 14.55,7. Under EM i friidrett 1986 i Stuttgart vann ho 3 000 m på personleg rekord 8.33,9. To dagar seinare tok ho sølvmedaljen på 10 000 m på personleg rekordtid 30.57,2, norske Ingrid Kristiansen vann løpet klart. Året etter enda Bondarenko på fjerdeplass i milløpet då VM fann stad i Roma.

Under Sommer-OL 1988 i Seoul vann Bondarenko gullmedaljen i det fyrste olympiske 10 000- meterløpet for kvinner, tre sekundar framom britiske Liz McColgan.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1986 i Stuttgart: Gull på 3000 m - 8.33,9, framom Maricica Puică (8.35,9), og sølv på 10000 m - 30.57,2, bakom Ingrid Kristiansen (30.23,2)
  • VM 1987 i Roma: Nr 4 på 10000 m - 31.18,3
  • OL 1988 i Seoul: Gullmedalje på 10000 m - 31.05,2, framom Liz McColgan (31.08,4)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]