Hopp til innhald

Olga Fikotová

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Olga Connolly)
Olga Fikotová


StatsborgarskapTsjekkoslovakia, Tsjekkia, USA
Fødd13. november 1932
Most, Praha, Libiš
Død 12. april 2024 (91 år)
Costa Mesa
Idrettfriidrett, korgball
Tok del i Sommar-OL 1972, Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1964, Sommar-OL 1960, Sommar-OL 1956, EM i basketball for kvinner 1954

Olga Fikotová, gift og skild Connolly, (13. november 193212. april 2024) var ein diskoskastar frå byen Most i dagens Tsjekkia. Ho vart olympisk meister i diskoskasting under Sommar-OL 1956 i Melbourne. Fram til 1957 representerte ho Tsjekkoslovakia og sidan USA.

Fikotová utmerkte seg i basketball og vann i 1954 ein sølvmedalje med Tsjekkoslovakia i europameisterskapen i basketball. I 1955 vart ho landsmeister i diskoskast, sameleis året etter. Hausten 1956 sette ho tsjekkoslovakisk rekord med 51,71 m, ein rekord ho straks flytta til 51,80 m. Under OL-finalen i Melbourne seint i november, låg ho på andreplass før ho i femte omgangen presterte sitt livs beste kast. Diskosen landa på 53,69 meter, drygt meteren lengre enn Irina Begljakova frå Sovjetunionen sitt leiar-resultat. Ny olympisk rekord og gullmedalje til Fikotová.

I Melbourne møtte Fikotová den USA-amerikanske sleggjekastaren Hal Connolly. Dei gifta seg i oktober 1957. Motarbeidd av styresmakter i heimlandet, flytta Fikotová til USA og byrja tevle for USA under namnet Olga Connolly. Ho vart USA-amerikansk meister i diskoskast åra 1957, 1960, 1962, 1964 og 1968 og deltok i samtlege olympiske sommarleikar i tida 1960–1972. Ho kom på sjuandeplassen i øvinga ved Roma-OL 1960 og på sjetteplassen i leikane i Mexico-byen i 1968. I si siste olympiade, Sommar-OL 1972 i München, var ho flaggberar for den USA-amerikanske troppa.