Olga Gyarmati

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olga Gyarmati
Fødd 5. oktober 1924
Debrecen
Død

27. oktober 2013 (89 år)
Greenfielt

Yrke friidrettsutøvar

Olga Gyarmati (5. oktober 192427. oktober 2013) var ein ungarsk friidrettsutøvar frå Debrecen som vart olympisk meister i lengdehopp i 1948.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I åra fram til 1956 vann Gyarmati seg 31 nasjonale meisterskapsgull i friidrett. Ho vann lengdehopp åtte gongar, 80 meter hekk sju gongar, 100 meter tre gongar, og to gongar kvar 200 meter, høgdehopp og femkamp. Sine personlege rekordar i 80 m hekk og lengdehopp på høvesvis 11,1 sekundar og 6,23 meter, oppnådde ho i 1953.

Gyarmati kvalifiserte seg til Sommar-OL 1948 i London med eit lengdehopp på 5,99 m. I London landa ho på 5,69 meter i sitt beste hopp, likevel nok til å vinne gullmedaljen med ein margin på ni centimeter til argentinske Noemi Simonetto på andreplass. Gyarmati deltok også i høgdehopp der ho med 1,40 meter enda på 17.-plass. Fire år seinare, under Sommar-OL 1952 i Helsinki, deltok Gyarmati både i lengdehopp, 200 meter og 4 x 100 meter stafett. Best gjorde ho det i lengde med ein tiandeplass. I dei neste sommarleikane, i Melbourne i 1956, vart ho nummer elleve i spesialøvinga.

Gyarmati vende ikkje heim til Ungarn etter sommarleikane 1956, men slo seg ned i Storbritannia. Sidan flytta ho til USA. Ho døydde i Greenfield i delstaten Massachusetts.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]