Olga Jegorova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olga Jegorova
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 28. mars 1972 (52 år)
Novotsjeboksarsk
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Olga Nikolajevna Jegorova (fødd 28. mars 1972) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Novotsjeboksarsk som vart verdmeister på 5 000 meter i 2001 og tok sølvmedaljen på 1500 meter fire år seinare.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I mars 2001 vann Jegorova 3000 m ved innandørs-VM i Lisboa, to sekundar framom Gabriela Szabo frå Romania. Fem månader seinare vann Jegorova gullmedaljen på 5 000 meter under friidretts-VM 2001 i Edmonton på 15.03,3, der ho på sisterunda var heilt utilnærmeleg og slo sølv- og bronsemedaljørane med høvesvis over tre og nær sju sekundar. Etter verdsmeisterskapen sette ho personlege rekordar på 3 000 m med 8.23,2 i Zürich og med 14.29,3 på 5 000 m i Berlin. I Gullserien (Golden League) til IAAF av 2001-sesongen lukkast Jegorova å vinne samtlege 5 000-meterar og dermed var med å dele vinnarpremien i tevlinga.

Under 5 000-meterløpet i europameisterskapen i München i 2002 klarte ikkje Jegorova å halde fylgje med tre løparar på oppløpssida og enda fjerdeplassen. Derimot vann ho IAAF-finalen 2002 i Madrid på tida 15.18,1, og som i VM 2001 framom spanske Marta Domínguez.

Frå 2004 satsa Jegorova mest på 1500-meteren. Den 25. juni 2005 forbetra ho i Kazan den personlege rekorden på distansen til 3.59,4. Seks-sju veker etter tok ho sølvmedaljen på 1500 m i VM 2005 i Helsinki, sekundet bak landskvinna Tatjana Tomasjova.

Doping[endre | endre wikiteksten]

I forkant av Beijing-OL 2008 vart Jegorova avslørt for bruk av ulovlege dopingmidlar og utestengd frå friidretten i to år.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]