Olga Minejeva
| Olga Minejeva | |
| Statsborgarskap | Sovjetunionen |
| Fødd | 1. oktober 1952 (74 år) Degtjarsk |
| Yrke | friidrettsutøvar |
| Høgd | 176 centimeter |
Olga Pavlovna Minejeva, fødd Sirovatskaja (fødd 1. oktober 1952), er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Degtjarsk i Sverdlovsk oblast som tevla internasjonalt for Sovjetunionen på 800 meter. Ho tok OL-sølv på distansen i Moskva i 1980 og EM-gull i Aten i 1982.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Olga Sirovatskaja deltok på 400 m og 4x400 m stafett under dei olympiske leikane i München. På 400 m vart ho slått ut i kvartfinalane, medan det vart åttandeplass på stafetten.
Under sommarleikane i Moskva sommaren 1980 gjekk alle medaljane på 800 meter til dei sovjetiske deltakarane, med tida 1.54,81 tok Olga Minejeva sølvmedaljen bak Nadezjda Olizarenko og føre Tatjana Providokhina. I EM i friidrett 1982 i Aten vart Minejeva europameister på 1.55,41. Ho sprang òg ein etappe på Sovjetunionen sitt lag i 4 x 400 m stafett og fekk då med seg ein bronsemedalje.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Olga Pawlowna Minejewa» frå Wikipedia på tysk, den 5. september 2014.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1952
- Sovjetiske mellomdistanseløparar
- Europameistrar i friidrett for Sovjetunionen
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen
- Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1972
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1980
- Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1980
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980