Olga Tsjernjavskaja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olga Tsjernjavskaja
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 17. september 1963 (60 år)
Irbit
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Utmerkingar

Master of Sport of the USSR, International Class

Olga Mikhajlovna Tsjernjavskaja, fødd Davidova, gift og skild Burova, (fødd 17. september 1963) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Irbit[1] som vart verdsmeister i diskoskasting i 1993 og tok EM-sølv i 1990 og VM-bronse i 1995 i same øvinga. Ho tevla fyrst for Sovjetunionen, frå 1993 for Russland.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Som Olga Burova fekk ho i 1990 sin internasjonale meisterskapsdebut i EM i Split. Med eit bestekast på 66,72 m kneip ho sølvmedaljen seks centimeter framom austtyske Martina Hellmann, ei anna austtysk kvinne, Ilke Wyludda, vart europameister. Den 29. mai 1992 sette Burova i Sotsji sin endelege personlege rekord då diskosen landa på 68,38 m. Under dei olympiske leikane i Barcelona nøgde ho seg med 64,02 m og femteplass.

Som Olga Tsjernjavskaja vann ho ein klar siger i diskostevlinga då verdsmeisterskapen 1993 fann stad i Stuttgart, med 67,40 m slo ho sølv- og bronsemedaljørane med over to meter. Under den neste verdsmeisterskapen, i Göteborg i 1995, nådde ho 66,86 m, noko som gav henne bronsen, bulgarske Ellina Zvereva tok gull og Ilke Wyludda sølv.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Olympedia – Olga Burova-Chernyavskaya», www.olympedia.org, henta 18. november 2023 
  2. «Olympedia – Discus Throw, Women», www.olympedia.org, henta 18. november 2023 
  3. «Olympedia – Discus Throw, Women», www.olympedia.org, henta 18. november 2023 
  4. «Olympedia – Discus Throw, Women», www.olympedia.org, henta 18. november 2023