Olga Vasdeki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olga Vasdeki
Statsborgarskap Hellas
Fødd 26. september 1973 (50 år)
Vólos
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Olga Anastasia Vasdeki (fødd 26. september 1973) er ein gresk tidlegare tresteghoppar, frå Vólos, som vart europameister i øvinga i 1998 og tok VM-bronse i same året etter. Mellom 1993 og 1998 forbetra Vasdeki den greske rekorden i tresteg elleve gongar, frå 13,37 m til 14,64 m.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Vasdeki fekk sitt internasjonale gjennombrot i 1996. Under sommarleikane 1996 i Atlanta vart ho nummer fem med 14,44 m. Med 14,62 m enda ho på fjerdeplassen under VM i friidrett 1997, fem centimeter bakom bronsevinnaren, ukrainske Olena Hovorova.

Ved europameisterskapen 1998 i Budapest gjorde Vasdeki det lengste hoppet i kvalifiseringa, 14,59 m. I finalen landa ho som lengst på 14,55 m, likevel nok til å vinne tevlinga hårfint framom tsjekkiske Šárka Kašpárková med 14,53 m og bulgarske Teresa Marinova med 14,50 m. Vasdeki avslutta sesongen med å vinne verdscuptevlinga i Johannesburg med 14,64 m, framom russiske Tatjana Lebedeva som vart målt til 14,36 m.

Med 14,67 meter presterte Vasdeki i juli 1999 sitt livs lengste tresteghopp. Under verdsmeisterskapen 1999 i Sevilla i august hoppa Vasdeki og Yamilé Aldama nøyaktig like langt i sin bestehopp, 14,61 m. Vasdeki måtte nøye seg med bronsemedaljen då Aldama hadde betre nestbesthopp, Vasdeki si landskvinne Paraskevi Tsiamita vann tevlinga med 14,88 m.

Vasdeki kom på sjuandeplass i dei olympiske sommarleikane i Sydney, der ho måtte nøye seg med 14,15 m. Ho vart så nummer tolv under verdsmeisterskapen 2003 i og enda som tolvte kvinne då Sommar-OL 2004 vart avvikla i Aten.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]