Olga Zavjalova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olga Zavjalova

Olga Zavjalova Ivan Isaev Russian Ski Magazine.JPG

Verkeleg namn Ольга Викторовна Завьялова
Statsborgarskap Russland
Fødd 24. august 1972
St. Petersburg
Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

Olga Viktorovna Zavjalova, fødd Kornejeva, (fødd 24. august 1972) er ein russisk tidlegare langrennsløpar frå Leningrad. Ho vart verdsmeister på 30 km i 2003 og på 15 km i 2007. I dei same meisterskapane fekk ho også tre bronsemedaljar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Olga Kornejeva deltok i Ski-VM 1993 i Falun, der ho vart nummer 18 på 5 km og nummer 16 på den påfylgjande jaktstarten. Midt i desember 1994 oppnådde ho sin fyrste pallplass i verdscupen då ho kom på andreplass på ein 15 km i Sappada i Italia, Jelena Välbe vann rennet framom fire andre russiske utøvarar. Under verdsmeisterskapen i Thunder Bay i mars 1995 vart Kornejeva nummer ni i jaktstarten.

Frå 1997 til 2000 presterte ho som Olga Zavjalova på eit lågare nivå i løypa og ho kom desse åra ikkje med i meisterskapstroppane til Russland. I 2001 fekk ho ein sjanse i ski-VM i Lahti og vart nummer ti på 10 km. Året etter kom ho på ellevteplass på 15 km i vinter-OL i Salt Lake City.

Verdsmeisterskapen i Val di Fiemme i 2003 vart det store høgdepunktet for Zavjalova som langrennsløpar. Her tok ho fire medaljar; gull på 30 km fristil og bronse både på 15 km i klassisk stil, 10 km duathlon og på 4x5 km stafett. To år seinare, i ski-VM 2005 i Oberstdorf deltok i fire tevlingar og fekk ein sjetteplass på 10 km som best. I februar månad vann ho elles sin einaste siger i eit verdscuprenn då ho gjekk til topps på ein 10 km i fristil i Reit im Winkl, på same tid som landskvinna Jevgenija Medvedeva-Arbuzova.

Zavjalova deltok i tre øvingar under vinterolympiaden 2006 i Torino. Ho opna med ein sjuandeplass på 15 km duathlon, noko som viste seg å verte hennar beste plassering. I februar 2007 gjorde Zavjalova det svært skarpt i ski-VM i Sapporo. Ho vann spurten på 15 km duathlon og vart verdsmeister, eit halvt sekund føre Kateřina Neumannová frå Tsjekkia, med Kristin Størmer Steira på bronseplass. To dagar etter var Zavjalova sjanselaus mot Neumannová på 10 km intervallstart, men sikra seg VM-sølvet på distansen.

Både i 2009 og i 2010 måtte Zavjalova finne seg i meir beskjedne plasseringar i dei store meisterskapane. Ho fekk som best ein 13. plass i ski-VM 2009 i Liberec, og to 12. plassar i vinter-OL 2010. I 2011 fekk ho ikkje plass i VM-troppen som reiste til Oslo, og ho la opp etter å ha tatt to medaljar i den russiske skimeisterskapen i slutten av mars, i sitt 39. år.

VM-medaljar[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Olga Zavjalova – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
  • (en) Olga Zavjalova – Profil og resultatoversikt hos FIS