Olha Saladukha
Olha Saladukha | |
Statsborgarskap | Ukraina |
Fødd | 4. juni 1983 (41 år) Donetsk |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Ungdoms-VM i friidrett 1999, 2002 World Junior Championships in Athletics – women's triple jump, athletics at the 2005 Summer Universiade – women's triple jump, 2006 European Cup, 2006 European Athletics Championships – women's triple jump, 2006 IAAF World Athletics Final, 2006 IAAF World Cup, athletics at the 2007 Summer Universiade – women's triple jump, VM i friidrett 2007 – Tresteg damer, 2008 European Cup, Friidrett under Sommar-OL 2008 – Tresteg damer, 2008 IAAF World Athletics Final, Lag-EM i friidrett 2010, Tresteg under EM i friidrett 2010 – kvinner, Kontinentalcupen i friidrett 2010, Lag-EM i friidrett 2011, 2011 Prefontaine Classic, 2011 DN Galan, 2011 London Grand Prix, 2011 World Championships in Athletics – women's triple jump, 2011 Bruxelles Memorial van Damme, Q3539519, 2012 European Athletics Championships – women's triple jump, Friidrett under Sommar-OL 2012 – Tresteg damer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Tresteg kvinner, 2018 IAAF World Indoor Championships – women's triple jump, Q3539522, 2012 Golden Gala, 2012 Athletissima, 2012 British Grand Prix, 2012 Memorial Van Damme, 2013 European Athletics Indoor Championships, Lag-EM i friidrett 2013, VM i friidrett 2013 – Tresteg damer, Diamond League 2013, 2013 Shanghai Golden Grand Prix |
Utmerkingar | 2. klasse av Fyrstinne Olgas orden, 3. klasse av Fyrstinne Olgas orden, Medalje for arbeid og seier, 1. klasse av Fyrstinne Olgas orden |
Olha Valerijivna Saladukha[a] (fødd 4. juni 1983) er ein ukrainsk friidrettsutøvar frå Donetsk. Ho vart verdsmeister i tresteghopp i 2011, og har vunne EM-gull tre gongar på rad; 2010, 2012 og 2014.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Saladukha byrja hevde seg mot verdseliten i trestegøvinga i 2006-sesongen, då ho vart nummer fire i europameisterskapen i Göteborg med eit bestehopp på 14,28 m. Året ettet vann ho universiaden i Bangkok med ny personleg rekord på 14,79 m. Trass i gode 14,60 m vart ho berre nummer sju under VM i friidrett 2007 i Osaka.
I 2008 vart Saladukha ukrainsk meister med personleg rekord, 14,84 meter. Under Sommar-OL 2008 i Beijing kom ho på niandeplass. Ho var ikkje aktiv i 2009. Under friidretts-EM i Barcelona i 2010 fekk ho sin fyrste store triumf då ho vart europameister med 14,81 meter, 0,25 m framom italienske Simona La Mantia.

Under verdsmeisterskapen 2011 i Daegu slo Saladukha til med 14,94 m i fyrste omgang, dermed vann ho gullmedaljen framom kasakhstanske Olga Rypakova som nådde 14,89 m og Caterine Ibargüen frå Colombia som fekk notert 14,84 m.
Saladukha forsvarte EM-tittelen i Helsingfors i 2012. Ho sette personleg rekord med 14,99 meter og var nesten ein halvmeter framom sølvmedaljøren Patrícia Mamona frå Portugal. Under sommarleikane i London vel ein månad seinare berga ho ein bronsemedalje då ho hoppa 14,79 m i sjette og siste omgang, ein cm bakom Ibargüen som også gjorde sitt lengste hopp i suste omgang. Med eit hopp på 14,98 m sikra Rypakova seg OL-gullet. Endå ein bronsemedalje fekk Saladukha i VM i friidrett 2013 i Moskva. Hennar lengstehopp i tevlinga målte 14,65 m, Caterine Ibargüen vart verdsmeister med 14,85 m.
I EM i friidrett 2014 i Zürich tok Saladukha sitt tredje strake EM-gull. Ho gjorde sitt beste hopp for sesongen, 14,73 m, og syrgde dermed for at Jekaterina Koneva frå Russland måtte ta til takke med sølv, slik ho hadde mått gjere under VM året før.
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ukrainsk skrift Ольга Валеріївна Саладуха
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Olha Saladucha» frå Wikipedia på tysk, den 21. september 2014.
- «Olha Saladukha» (på engelsk). Olympedia. Henta 13. mars 2023.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1983
- Ukrainske tresteghopparar
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Ukraina
- Ukrainske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2012
- Ukrainske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Ukrainske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016
- Ukrainske deltakarar under sommar-OL 2020
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020