Oline Løvlid
Utsjånad
| Oline Løvlid | |||
| Fødd | 10. oktober 1950 (75 år) | ||
|---|---|---|---|
| Verka som | musikar | ||
Oline Ragnhild Løvlid (fødd 10. oktober 1950) er ein norsk folkesongar frå Hornindal i Sogn og Fjordane. Ho har i fleire tiår vore engasjert i folkesongtradisjonen i Hornindal, innan innsamling og formidling. Mellom anna har ho gjort mykje innsamlingsarbeid for Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. I 2006 kom plata Fortal, som Løvlid tok initiativ til. Her finn ein tradisjonell song frå Hornindal, sunge av 67 kvedarar frå kommunen.
Oline Løvlid er mor til Unni Løvlid.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Fortal (Grappa/Heilo 2006)
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Eldsjel for Sogn og Fjordane i kulturminneåret 2009
- Postens kulturpris (2006)
- Folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane (1998)
- Den kommunale kulturprisen (1997)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Lydopptak av Oline Løvlid kan du høyre her. Opptaka er gjort av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, musikkavdelinga.