Olivenmaskepapegøye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olivenmaskepapegøye
Olivenmaskepapegøye
Olivenmaskepapegøye
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av olivenmaskepapegøye
Utbreiinga av olivenmaskepapegøye
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Psittaciformes
Familie: Pluvianellidae
Slekt: Hapalopsittaca
Art: Olivenmaskepapegøye H. fuertesi
Vitskapleg namn
Hapalopsittaca fuertesi

Olivenmaskepapegøye (Hapalopsittaca fuertesi) er ein liten, kritisk truga papegøye, endemisk for Colombia med utbreiing i vestsida av sentrale Andes i grenseområdet mellom departementa Quindío, Risaralda og Tolima. Arten var første gongen skildra i 1911, deretter var han ikkje rapportert eller trudd å vere utrydda i ein periode fram til 2002. [1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Olivenmaskepapegøyen er om lag 24 cm lang og veg ca. 124 gram. Dette er ein grøn papegøye med relativt kort hale. Han har indigo vengfjører, krimsonraude skuldrer, og ei blå krone. Nebbet er bleikt elfenbeinfarga med kastanjebrune fjører ved nebbrota. Kjønna er like. Lætet til denne arten er eit ufint 'kraaa'.

Det naturlege habitatet for denne arten er våt, temperert tåkeskog med epifyttar i høgder på 2610 til 3490 moh. Her lever han helst av frukter av tre i sandeltrefamilien, Eremolepidaceae.

Forplantingsbiologien er godt kjend. Arten har hekkeperiode i perioden januar til mai. Dei legg tre eller fire egg som blir ruga av hofuglen i 24 til 26 dagar. Begge foreldre tar omsut for ungane, det tar opptil 65 dagar til ungane kan flyge.

Populasjonen er estimert til mellom 50 og 250 vaksne individ, og er trudd å vere minkande trass vernearbeid og utplassering av fuglekassar for reirplass. Grunnen for svake utviklinga er langvarig avskoging som har ført med seg mangel på tre til reirplass. IUCN har klassifisert arten som kritisk truga, CR.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]