Olivenolje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olivenolje med oliven på ein tallerk.
Grønfarga olivenolje til å dyppa brød i.

Olivenolje er ei vegetabilsk matolje som vert vunne ut av oliven.[1] Olja er som oftast lys gul av farge, men kan også ha eit grønskjær på grunn av klorofyllinnhald.[1] Ho er ei ikkje-tørrande olje som hovudsakleg inneheld glyserolester av oljesyre, olein (80–85 %), i tillegg til palmitin-, arachidin- og linolsyre.[1]

Olja vert laga ved å knusa oliven til ein pasta av olivenkjøt og kjernar. Denne vert lagt på matter, som vert pressa før olivenolja vert ekstrahert (skild frå vatnet) i ein sentrifuge.

Den beste kvaliteten av olivenolje blir laga gjennom kaldpressing av oliven. Denne olja er kjend som «jomfruolje», «vierge» eller extra virgin.[1] Olja må ikkje vera varmebehandla, innehalda mindre enn 1 % syre, og farge, smak og aroma må vera av beste sort. Ein kan vinna ut meir olje, men av dårlegare kvalitet, gjennom sterkare utpressing og ved ekstraksjon.[1]

Den beste olivenolja er blant dei dyraste planteoljene og blir brukt som næringsmiddel (til dømes som matolje, hermetikkolje og salatolje) og i medisinen. Olje av dårlegare kvalitet kan mellom anna brukast til å laga såpe.[1]

Olivenoljer bør oppbevarast ved 14-18 grader, utan tilgang til lys, lukt og fukt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Olivenolje» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 12. juli 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Olivenolje
Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.