Oliver-Sven Buder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oliver-Sven Buder
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 23. juni 1966 (57 år)
Erlabrunn
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Oliver-Sven Buder (fødd 23. juni 1966), fødd i Steinheidel-Erlabrunn i Tyskland, er ein tidlegare kulestøytar som vann sølvmedaljen i øvinga i EM 1990, VM 1997, EM 1998 og VM 1999. Han representerte Aust-Tyskland til 1990, frå 1991 det samla Tyskland.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

200 cm høge Buder markerte seg i kuleringen mest heile perioden 1990-2000. Ved EM 1990 i Split syrgde han for austtysk dobbeltsiger i kulestøyt, Ulf Timmermann vann tevlinga, medan norske Georg Andersen tok bronsen. Så gjekk det sju år før Buder vann medalje att, i VM 1997 i Aten tok han ein ny sølvmedalje, einast John Godina frå USA støytte lengre. Dei neste to sesongane sanka Buder meir sølv, i EM 1998 tok ukrainaren Oleksandr Bahatsj gullet framfor Buder, i VM 1999 stod Cottrell J. Hunter frå USA i vegen for Buder-triumf. I den sistnemnde meisterskapen i Sevilla sette Buder personleg rekord med 21,42 meter. Sitt lengste kulestøyt gjorde han likevel innandørs i Valencia våren 1998, der kula landa på 21,47 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]