Oliver Bierhoff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oliver Bierhoff
Oliver Bierhoff 2006.jpg
Fødd 1. mai 1968
Karlsruhe
Oliver Bierhoff på Commons
Oliver Bierhoff

Oliver Bierhoff (fødd 1. mai 1968) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Karlsruhe. Midtspissen, som hadde sin styrke som hovudspelar, vart europameister med Tyskland i 1999 og seriemeister i Italia i 1999 med AC Milan.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Bierhoff fekk sin bundesligadebut med Bayer Uerdingen i 1986, gjekk så vidare til Hamburger SV i 1988 og eit kort opphald i Borussia Mönchengladbach i 1990. Sesongen 1990/91 skåra han mange mål for austerrikske Austria Salzburg. Dei neste ti åra var han aktiv i italiensk seriefotball, fyrst for Ascoli i tida 1991-95. Han fekk sitt gjennombrot med Udinese i perioden 1995-98, og vart i 1998 toppskårar i Serie A med 27 nettkjenningar. Frå 1998 til 2001 spelte han på AC Milan, der han vart seriemeister i sin fyrste sesong med laget. Han avslutta profftida med ein sesong i AS Monaco og ein siste sesong i italienske Chievo.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Bierhoff debuterte på det tyske landslaget i februar 1996. I sin niande landskap, EM-finalen 1996 mot Tsjekkia i London, kom han inn frå benken og utlikna til 1-1, for så å verte kampvinnar då han skåra på såkalla «golden goal» i ekstraomgangen. Sidan deltok han i fotball-VM 1998 og EM i fotball 2000, menn fekk lite speletid i sistnemnde turnering. Meir nytta vart han i VM i fotball 2002, der han var innbytar i finalen mot Brasil i Yokohama, utan å kunne hindre brasiliansk triumf i det som vart hans siste opptreden i landslagstrøya. Han skåra 37 mål på sine 70 landskampar.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1996 med Tyskland
  • VM-sølv: 2002 med Tyskland
  • Vinnar av Serie A: 1999 med AC Milan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]