Oliver Dahl-Goli
Oliver Dahl-Goli | |
Fødd | 13. august 1897 |
---|---|
Død | 19. juli 1976 (78 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Kristeleg Folkeparti |
Yrke | politikar |
Oliver Dahl-Goli (13. august 1897–19. juli 1976) var ein predikant, organisasjonsleiar og politikar frå Sandar i Vestfold. Perioden 1961-65 representerte han Kristeleg Folkeparti på Stortinget.
Dahl-Goli utdanna seg til møbeltapetserar i 1912/13 på ein teknisk fagskule i Tønsberg. Han praktiserte så yrket frå 1913 til -16. Deretter gjekk han skulevinteren 1916/17 på Vestlandske Indremisjonsforbund sin bibelskule og var frå 1918 reisesekretær for Det Vestlandske Indremisjonsforbund. Perioden 1921-23 hadde han Finnmark som arbeidsfelt, og 1923-26 Romsdal krins. I 1927 byrja han arbeide i Den indre Sjømannsmisjon, fyrst som reisesekretær i to år. Sidan var han sekretær for landsstyret, frå 1932 med tittel generalsekretær. Han var dagleg leiar i Sjømannsmisjonen heilt fram til 1963. Dessutan disponerte han dei to hospitalskipa til Sjømannsmisjonen i over 30 år, og nesten like lenge var han redaktør for organisasjonsbladet 'Fiskerens Venn'.
Hausten 1961 vart Dahl-Goli vald til stortingsrepresentant frå valkrinsen Bergen og for Kristeleg Folkeparti, vald på ei fellesliste med partiet Høgre. På Stortinget var han medlem i Protokollkomiteen. Han tok ikkje attval i 1965.