Oljefondet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Oljefondet er ei vanleg nytta nemning på eit norsk statleg fond for forvalting av dei inntektene som den norske staten har av olje- og gassutvinninga på den norske kontinentalsokkelen. «Oljefondet» hadde formelt namnet Statens petroleumsfond då det vart skipa i 1990, men fekk frå 2006 namnet Statens pensjonsfond - utland (SPU).

Verdiane som «oljefondet» forvaltar ved å plassere dei i utanlandske aksjar og obligasjonar og liknade, vert ofte kalla «oljepengane». Kor mykje av desse «oljepengane» som maksimalt skal kunne nyttast som inntekt i dei årlege statsbudsjetta, vert regulert av den såkalla handlingsregelen som Stortinget innførte under Jens Stoltenbergs fyrste regjering i 2001. Eit fleirtal på Stortinget sluttar seg vanlegvis til denne handlingsreglen år for år, men likevel vert regelen ofte brote i større eller mindre grad for å få det aktuelle årets statsbudsjett til å gå opp.