Olmekarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skriftteikn

Olmekarar var eit urfolk som levde den sørlege delen av det sentrale Mexico, som i grove trekk svarer til regionane Veracruz og Tabasco, men olmekisk kunst er funne heilt til El Salvador.

I Den formative perioden i Mesoamerika (2500-31 f.Kr) voks den første storarta sivilisasjonen i Amerika fram: Olmekarar (1500–100 f.Kr).[1] Olmekarane hadde si stordomstid mellom 1200-400 f.Kr.[1] Dei mest kjende olmekiske sentera er ved La Venta, San Lorenzo Tenochtitlan, Tres Zapotes, Chalcatzingo og La Mojarra. Det er uvisst kva slags språk olmekarane talte. Somme har gissa på at språket deira høyrte til dei mixe-zoqueanske språka.

Olmekarane sette truleg mønster for seinare kulturar, som mayaene, zapotekarane og aztekarane. Derfor blir dei ofte omtalta som «morsivilisasjonen i Mesoamerika».

Olmekarane er kjende for sine mange steinmonument. Særleg framståande er dei store runde hovuda. Dei ser ut til å vera dei første i Amerika som utvikla eit skriftspråk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Vásquez, Germán; Díaz, Nelson Martínez (2009). «1:5». Historia de América Latina. SGEL. s. 37, 38. ISBN 978-84-7143-643-6. 
Spire Denne kulturartikkelen som har med Mexico å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.