Olof Celsius d.e.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olof Celsius d.e.

Statsborgarskap Sverige
Fødd 19. juli 1670
Uppsala domkyrkoförsamling
Død

24. juni 1756 (85 år)
Uppsala domkyrkoförsamling

Yrke lingvist, prest, historikar, teolog, botanikar, universitetslærar, orientalist, klassisk filolog, runologist, filosof
Språk svensk
Medlem av Kungliga Vetenskapsakademien
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Magnus Celsius
Mor Sara Edmundsdotter Figrelia
Olof Celsius d.e. på Commons

Olof Celsius d.e. (19. juli 167024. juni 1756) var ein svensk botanikar, språkforskar, runeforskar og prest. Han var den første bryologen, moseforskaren, i Sverige.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Olof Celsius var son til naturvitskapsmannen og språkforskaren Magnus Nicolai Celsius og Sara Edmundi Figrelia, og bror til astronomen Nils Celsius, far til Anders Celsius, som også var astronom. Olof Celsius var gift med Margareta Insulander og far til Olof Celsius d.y. og Magnus von Celse.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Celsius studerte ved Uppsala universitet, men studiane blei avbrotne av pengemangel. Han fullførte takka vere hjelp frå kong Karl XI. Etter studiane drog han utanlands og nådde Italia.

Celsius var professor i gresk ved Uppsala universitet frå 1703, professor i orientalske språk same stad frå 1715, professor i teologi frå 1727 og domprost frå 1736. Han var rektor ved Uppsala universitet i fleire periodar, første gong i 1711.

I 1739 blei Celsius vald inn i det nyskipa Kungliga Vetenskapsakademien saman med brorsonen Anders Celsius. Han var også ein leiande person innan det lærde samfunet Bokvettsgillet, som seinare blei til Uppsala Vetenskapssocietet.

Dei arbeida som gjorde Celsius kjend i Europa var eit verk i to delar over vekstar i Bibelen (1745-1747), og utgjevinga av faren si tolking av hälsingerunene. Hans fremste innsatsar var å samle mosar og slik vere ei inspirasjonskjelde for Carl von Linné, vidare å datere dei fleste runesteinane i Sverige, og å ha forsøkt motarbeide den oppblomstrande gøtisismen som Olof Rudbeck d.e. hadde lagt grunnlag for. Kritikken mot Rudbeck var tufta på alderen og opphavet til runene.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Oreades Helsingicæ (1710)
  • Monumenta quædam sveo-gothica suis temporibus reddita (1726-33)
  • Flora Uplandica (1730)
  • Hierobotanicon sive de plantis sacræ scripturæ (1745-1747), samt utgivandet av faderns tolkning av
  • De runis Helsingicis observationes quædam (posthum utgjeving, 1771)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]