Olsen Nauen Klokkestøperi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Olsen Nauen Klokkestøperi
Foto: Peter Fiskerstrand

Olsen Nauen Klokkestøperi AS, tidlegare O. Olsen & Søn's Klokkestøperi, har frå om lag 1915 vore det einaste klokkestøyperiet i Noreg. Klokkestøyperiet vart skipa i 1844 av smeden Ole Olsen på Nauen Gård på Barkåker i Tønsberg, der verksemda har halde til i heile si tid, og vert i dag drive av den sjette generasjonen av klokkestøyparar.

Verksemda lager og monterer reinstemde kyrkjeklokker og klokkespel av klokkebronse (ei legering av kopar og tinn) for både offentlege og private oppdragsgjevarar, og dessutan andre typar klokker av støypt bronse, som til dømes skipsklokker, gardsklokker og andre små klokker. På Nauen Gård er det skipa til eit klokkemuseum som er tilgjengeleg etter avtale.

Ei mengd norske kyrkjer og offentlege bygningar har klokker eller klokkespel frå dette klokkestøyperiet. Såleis er klokkespela i Oslo rådhus, Kongsberg kyrkje, Oslo domkyrkje, Sem rådhus i Tønsberg og Trefoldighet kyrkje i Arendal støypte hjå Olsen Nauen Klokkestøyperi.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]