Olsenbanden - Operasjon Egon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olsen-Banden
RegiKnut Bohwim Sjå dette på Wikidata
ManusHenning Bahs, Erik Balling Sjå dette på Wikidata
MedverkandeArve Opsahl, Sverre Holm, Carsten Byhring, Aud Schønemann, Sverre Wilberg, Georg Richter, Willie Hoel, Pål Johannessen, Ulf Wengård Sjå dette på Wikidata
KlippLeif Erlsboe Sjå dette på Wikidata
MusikkEgil Monn-Iversen Sjå dette på Wikidata
SjeffotografMattis Mathiesen Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato1969
Lengd82 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandNoreg Sjå dette på Wikidata
Språknorsk
Sjangerfilmkomedie Sjå dette på Wikidata

Olsenbanden - Operasjon Egon (orig. Olsen-Banden) er ein norsk komedie frå 1969, og den fyrste filmen i filmserien om Olsenbanden. Filmen vart regissert av Knut Bohwim og produsert av Teamfilm. Filmen er basert på den danske filmen Olsen-Banden frå 1968 med manus skreven av Henning Bahs og Erik Balling.

Filmen vart vist på kino for fyrste gong 11. august 1969 på Saga Kino og Soria Moria Kino.[1][2] Filmen fekk svært dårlig kritikk av kritikarar i VG og Dagbladet, men den vart ein stor suksess på kino og totalt 523 000 såg filmen på kino.[3]

Filmen vekka reaksjonar blant nokon på grunn av nokre erotiske scener.[2]

Handling[endre | endre wikiteksten]

Når Olsenbanden forsøker å gjera eit innbrot i ein tobakkbutikk i Sofiegaten i Oslo, klarar Kjell å knusa heile butikkvindauget ved ein feil. Politiet dukkar raskt opp på staden og pågrip Egon, som er den einaste av banden som ikkje har rømt frå staden.

Egon kjem ut frå Botsfengselet og blir henta av Benny, Kjell og Basse. Banden reiser vidare til Café Lefsa for å ta nokre øl. Egon tek turen opp til Connie i massasjeinstituttet i andre etasje, medan Benny, Kjell og Basse blir igjen i fyrste etasje for å spela biljard. Kjell ringer heim til Valborg, men får kjeft for å ha tatt med borna til Café Lefsa og massasjeinstituttet i andre etasje som Valborg kallar for "hølet".

Etter å ha delt ut gåver til alle jentene på massasjeinstituttet legg Egon fram sin store plan for Benny og Kjell. Planen dreiar seg om å stela det tyske kunstverket Kaiseroppsatsen som skal stillast ut i anledning den tyske kulturveka i Oslo. Kunstverket er godt sikra i eit utstillingsmonter som ved ein liten berøring fraktar kunstverket ned i ei underjordisk sjakt i tillegg til at det er mykje kameraovervaking i rommet. Kriminalbetjent Hermansen er óg handplukka av politisjefen til å vokta Kaiseroppsatsen.

Medlemmane i Olsenbanden brukar tida godt for å måla og planlegga kuppet og får god hjelp av både Basse, Ulla og Connie. På det siste møtet før kuppet så kjem det fram at Benny berre har bestilt, men ikkje betalt, for flybilettane til Las Palmas som banden skal benytta seg av etter kunstverket er stole. Korkje Benny, Egon eller Kjell har dei litt over 4000 kronene som skal til, og dei ender difor med å stela bankboka til Birger, sonen til Kjell.

På kuppdagen reiser Olsenbanden og Basse til museumet der kunstverket er stillt ut og Egon, Benny og Kjell tek seg ned i den underjordiske sjakta som fører til museumet. Basse går inn i museumet og får ein annan gut til å ta på utstillingsmonteret slik at Kaiseroppsatsen går ned i de underjordiske sjakta. Banden kjem seg opp frå sjakta med Kaiseroppsatsen og reiser saman med Basse med bil mot flyplassen på Fornebu.

På veg mot flyplassen går bilen til Benny tom for bensin. To politimenn som kjem køyrande på motorsykkel stoppar ved bilen og det endar med at den vert taua vekk grunna fleire tekniske feil. Politimennene oppdagar ikkje Kaiseroppsatsen og den blir difor med bilen som vert taua inn. Samtidig har Hermansen funne eit bilete av Ulla som Benny hadde lagt igjen i sjakta under museumet.

Politisjefen er sikker på at kuppet er utført av ein internasjonal bande, men blir på tross av dette einig med Hermansen om å etterlysa Olsenbanden. Egon, Benny og Kjell har brote seg inn på området der Benny sin bil vart taua til, og tilfeldigvis kjem Hermansen køyrande forbi og legg merke til eit hol i gjerdet. Olsenbanden er i ferd med å henta tilbake bilen og berre ein vakthund som klarar å ta vekk merksemda til Hermansen gjer at Egon, Benny og Kjell kjem seg vekk med Kaiseroppsatsen.

Banden gløymer Kaiseroppsatsen i dottera til Kjell si barnevogn og dei tek ein tur innom Café Lefsa på veg heim. Valborg kjem tilfeldigvis forbi kaféen og ser barnevogna som står utanfor. Sidan Kjell ikkje er å sjå i 1. etasje ber Valborg kafévert Hansen gje beskjed til Kjell om at ho reiser heim til mora og tek med seg barnevogna. Olsenbanden er oppe i massasjeinstituttet og ser gjennom avisene som skriv om kuppet av Kaiseroppsatsen. Ulla kjem innom Café Lefsa og fortel til Benny at ho er gravid. Hansen fortel til Olsenbanden at Valborg har reist og teke med seg barnevogna.

Hermansen dukkar opp utanfor Café Lefsa, men Olsenbanden kjem seg vekk derifrå med ein bil. Dei forsøker å ta igjen Valborg og ungane som er reist med toget. Banden går fleire gongar tom for bensin og blir difor nøydde til å stjele nye bilar for å komma seg vidare. Politiet er i hælene på banden, men den hyppige byttinga av bilar forvirrar politiet, med Hermansen i spissen.

Når Olsenbanden endeleg når igjen toget får dei ikke hjelp av Valborg til å henta ut barnevogna som står plassert i ei godsvogn på enden av toget. Dei kobler difor vogna frå toget og vogna endar på Kløna stasjon og krasjar inn i politibilen til Hermansen. Olsenbanden får med seg barnevogna inn i ein lastebil, men Hermansen klarar å ta dei igjen til fots og spring rett inn på lasteplanet til vogna. Bak i lastebilen står det to piano som Kjell og Hermansen tilfeldigvis har hamna oppi. Hermansen blir skada når pianoet stoppar i ein lyktestolpe, medan Kjell kjem frå det utan ei skramme.

Olsenbanden oppdagar så at barnevogna ikkje inneheld Kaiseroppsatsen. Egon køyrer difor frå staden åleine med lastebilen. Han køyrer til nærmaste ferjekai, medan Benny og Kjell blir plukka opp av Valborg og ungane i bil. Hermansen vert tipsa av fergebilletøren som Egon har tilbudt lastebilen til for berre fem kroner. Hermansen, som har blitt fenglsla av politisjefen, røymer frå den lokale politistasjonen for å ta opp jakta etter Egon. Det ender med at Egon går ombord på ferja, men at Hermansen ikke legg merke til han og køyrer difor rett gjennom ferja og ut i sjøen.

Hermansen har blitt parkeringsvakt og legg merke til at Olsenbanden Bykassa i Oslo og sel billige bananer. Han prøver å ta opp jakta på banden men sklir på ei banan.

Sverre Holm spelte rolla som Benny Fransen.

Rollebesetning[endre | endre wikiteksten]

I tillegg spelar Ingeborg Cook rolla som Connie, Egon Olsen sin kjærast, medan Synnøve Strigen spelar Bitten, Lillian Lydersen spelar Kate, og Kari Laila Thorsen spelar Mona. Sverre Anker Ousdal gjer rolla som ansatt på bensinstasjonen. Per Arne Knobelauch spelar pornofotografen i bladbutikken Six, og Kari Diesen spelar rolla som ekspeditør i bladbutikken Six. Ivar Medaas gjer rolla som lensmannen medan Alf Hallgren spelar politibetjenten som køyrer Hermansen.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Knut Bohwim fekk sjå den danske filmen Olsen-Banden i 1968 gjennom ein bekjent som jobba i distributøren av Nordisk Film sine norske filmar.[4] Filmen vart ikkje ein suksess på norsk kino og Bohwim ynskja difor å spela inn ein nyinnspeling med norske skodespelarar.

Dei fleste scenane som gjekk føre seg innandørs vart spelt inn i Teamfilm sitt studio i Keysers gate 1 i Oslo.[5] Den siste scena i filmen vart spelt inn ved Mengshol i Ringsaker kommune og bilen som Hermansen køyrer i sjøen ligg framleis på havbotn.[6]

Manus[endre | endre wikiteksten]

Henning Bahs og Erik Balling skreiv manusskriptet til den danske filmen, og dette vart samstundes nytta i den norske versjonen.[7] Sverre Holm og regissør Bohwim tilrettelagde manusskriptet for norske forhold.[8]

Rollebesetning[endre | endre wikiteksten]

Teamfilm tok utgangspunkt i kjente skodespelarar frå revyscena i Noreg når dei skulle finna dei rette skodespelarane til rollane i filmen.[9] Opprinneleg hadde regissør Bohwim utpeikt Carsten Byhring til rolla som Egon Olsen. Etter ein samtale mellom Bohwim og Opsahl gjorde sistnemnde det klart ovanfor Bohwim at han sterkt ynskja rolla som Egon Olsen for seg sjølv. Bohwim gjekk med på dette og tildelte difor rolla som Kjell Jensen til Byhring.

Egil Monn-Iversen komponerte musikken til filmen.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Musikken til filmen vart laga og produsert av Egil Monn-Iversen.[10] Musikken frå filmen har aldri blitt gjeven ut i etterkant. Den danske filmen brukte musikken som vart produsert av Bent Fabricius-Bjerres, og som seinare har blitt ikonisk både i Noreg og Danmark. Originalmusikken frå den danske filmen vart ikkje brukt før oppfølgaren Olsenbanden og Dynamitt-Harry som hadde premiere i 1970.[11]

Skilnader frå danske Olsen-Banden[endre | endre wikiteksten]

Den norske filmen er i stor grad ein kopi av den danske filmen Olsen-Banden, der scene for scene er spelt inn på nytt med norske skodespelarar og i norske kulissar.[12] Den norske versjonen tek utgangspuktet i det samme arbeidarklassemiljøet som den danske originalen med eit nedlagsfelt på austkanten av Oslo. Det finst nokre skilnader mellom dei to filmane, blant anna at karakteren Hermansen er i mindre grad basert på fysisk humor enn den tilsvarande danske karakteren Mortensen.

Ein annan skilnad i den norske versjonen er at Egon fortel at han er fødd 13. mars 1923 - altså to år tidligare enn den danske Egon Olsen.

Olsenbanden - Operasjon Egon hadde premiere på Saga Kino og Soria Moria Kino i 1969.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Filmen fekk terningkast ein i VG, og kritkaren kritiserte både manuskript og prestasjonen til skodespelarane og regissøren.[3] Fotograf Mattis Mathiesen og komponist Egil Monn-Iversen fekk likevel gode skussmål i kritikken til avisa. Kritikaren i VG skreiv følgande i sin kritikk: «resultatet er et produkt som ligger langt under grensen for den flateste folkekomedie.»

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Olsenbanden»-regissør Knut Bohwim er død», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 21. februar 2021 
  2. 2,0 2,1 «Olsenbanden 50 år: Derfor droppet de dristige damer», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 21. februar 2021 
  3. 3,0 3,1 VG (12. august 1969). «Saga». 
  4. «God helg» (på norsk). NRK. 11. august 2019. Henta 21. februar 2021. 
  5. Grønneberg, Anders (4. januar 2021), «Brøt sammen etter suksessen», dagbladet.no (på norsk), henta 20. februar 2021 
  6. Madshus, Karin (1. august 2017), ««Olsenbanden»-bilen ble funnet på Mjøsas dyp. Nå har skiltet forsvunnet på mystisk vis», dagbladet.no (på norsk), henta 21. februar 2021 
  7. «Erik Balling», www.dfi.dk (på dansk), henta 21. februar 2021 
  8. «Sverre Holm», www.lydmagi.no (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 27. februar 2021, henta 21. februar 2021 
  9. LINDBÆK, ANDREAS (13. februar 2009), «Olsenbanden lever i beste velgående», Nettavisen (på norsk), henta 20. februar 2021 
  10. https://montages.no, Montages |, «Musikken fra Olsenbanden-filmene blir endelig utgitt på CD | Montages», Montages.no (på norsk), henta 20. februar 2021 
  11. https://montages.no, Montages |, «Bent Fabricius Bjerres musikk til Flåklypa Grand Prix er endelig tilgjengelig som soundtrack | Montages», Montages.no (på norsk), henta 20. februar 2021 
  12. «pegs-i-pysjamas ~», pegs-i-pysjamas (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 2. mars 2021, henta 21. februar 2021