Oltedal kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Det gamle kraftverket som vart bygd i 1909. Den nye kraftstasjonen ligg innebygd i terrenget bak kraftstasjonen.

Oltedal kraftverk er eit vasskraftverk som ligg i Oltedal i Gjesdal kommune. Kraftstasjonen ligg ved tettstaden i Oltedal, kring 500 meter sør for riksveg 45. Avstanden til Stavanger er kring 45 kilometer. Fallhøgda er 69 meter og nedslagsfeltet er på 82 km².

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Bystyret i Stavanger gjorde den 22. november 1899 vedtak om å kjøpa Oltesviksfossen og Oltedalsfossen med tilhøyrande rettar. Den 18. februar 1907 løyvde bystyret 1,1 millionar kroner til å byggja kraftverk i Oltedal, men den endelege kostnaden vart 1,5 millionar. Kraftverket vart offisielt opna den 10. desember 1909, Generatorkapasiteten var på 2950 kW. Kraftstasjonsbygget vart bygd med klassisk tempelaktig utsjånad. Stadskonstruktør Eckhoff var arkitekt.

I samband med krigføringa i 1940 skjøna tyskarane raskt at det var viktig å sikra elektrisitetsforsyninga. Nordmennene sin øvstkommanderande i området, oberst Spørck, såg det som umogleg å halda Stavanger-halvøya med det mannskapet og utstyret han rådde over. Han trekte seg difor attende med jegerbataljonen sin til Oltedal. Her vart 900 mann mobilisert. Den 17. april vart turbinane i kraftstasjonen sprengd. Målet var å setja kraftstasjonen ut av drift for tre til seks månader, noko nordmennene lukkast med. Kraftstasjonen var ikkje i full drift før rett før jul i 1940. Kapasiteten var då utvida til 7644 kW.

Stavanger Ellag selde kraftverka i Oltedal, Oltesvik og Flørli til Lyse Kraft i november 1989 for 87,5 millionar kroner. Totalt hadde desse ei frikraftmengd på 50 GWh. Lyse Kraft overtok kraftverket i Oltedal 1. januar 1992.

I 1994 bygde Lyse Kraft ein ny kraftstasjon bak den gamle, samstundes som røyrgata vart lagd under bakken. Den nye kraftstasjonen kunne yta 9 MW. Det gamle kraftverket vart saman med maskinistbustaden omgjort til Energisenter, ei tid i drift som eit museum og opplevingssenter.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]