Oluf Hansen Hagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oluf Hansen Hagen

Fødd11. mai 1845
Trondheim
Død18. oktober 1903 (58 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, tollar, underoffiser, forretningsdrivande
Alle verv

Oluf Hansen Hagen (11. mai 184518. oktober 1903) var ein norsk underoffiser, tollar og tobakkshandlar frå Trondheim. Han var medlem av Venstre.

Hagen var son til ein tømrar. Sjølv tok han eksamen som underoffiser ved artilleriskulen i Christiania i 1867. Frå 1867 var han artillersersjant, perioden 1870-86 var han i tillegg roar for tollaren, såkalla røyert. År 1889 vart han kommandersersjant, frå 1894-98 stykjunker. Jamsides dei militære oppgåvene dreiv han som tobakks- og sigarhandlar. I 1898 fekk han seg jobb som tollbetjent i Trondheim.

Hagen var 4. representant på Stortinget frå Trondheim og Levanger perioden 1898-1900. Han var medlem av militærkomiteen og frå slutten av 1898 også av Lagtinget.

Han døydde i Trondheim i 1903.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]