Oluf Johanssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Oluf Christian Johanssen (24. mai 184926. mai 1908) var ein bandvevar og -fabrikant frå Trondheim, stortingsmann for Venstre.

Johanssen var son til ein sjømann. Sjølv vart han utlært til bakar og dreiv eige bakeri i heimbyen frå 1869 til -71. Deretter tok han seg arbeid som bandvevar, eit arbeid han hadde til 1884. Dei neste åra var han medlem av den kongelege arbeidarkommisjonen. I 1889 slo han seg ned i Porsgrunn, der han starta opp Porsgrunns bandfabrikk, som han sidan dreiv til han døydde. Han var elles medlem av formannskapet i Porsgrunn og av riksforsikringa sin appellkommisjon.

Johanssen representerte Porsgrunn på Stortinget 1900-03. Han var medlem av tollkomiteen, bortsett frå oktober 1901 til januar 1902, då han var medlem av sosialkomiteen. Delar av 1901-sesjonen hadde han forfall grunna sjukdom i familien.

Han døydde i Porsgrunn i 1908.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]