Oluf Müller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oluf Müller
Oluf Müller.JPG
Fødd 19. oktober 1876
Sunndal
Død

7. januar 1938
Kristiansund

Oluf Christian Müller (19. oktober 18767. januar 1938) var ein norsk næringsdrivar og politikar, fødd i Sunndal. Han representerte partiet Frisinna VenstreStortinget i tida 1919-27, og var formann i partiet 1922-24.

Müller var son til ein sokneprest. Han gjekk middelskolen i Kristiansund, der han i tida 1896-1900 arbeidde i Oluf Herlofsens sønner. Elles var han ei tid tilsett i ei forretning i Kristiania, og reiste eitt år i England og Tyskland. Frå 1900 til 1938 var han disponent ved A/S Goma Smørfabrik i Kristiansund.

Müller var medlem i Kristiansund bystyre 1910-16, 1919-25, 1928-31 og 1934-37. Han deltok i fremste rekke i styringa av lokalsamfunnet, mellom anna var han styreformann både i Kristiansunds Elektrisitetsverk og tida 1915-38 i Skar kraftanlegg. Elles var han styremedlem 1924-33 i Noregs Bank si avdeling i Kristiansund og 1932–34 i tilsynskommisjonen for Raumabanen, samt i mange private verksemder.

Müller representerte 1919-21 einmannskrinsen Kristiansund på Stortinget, og 1922-24 dei tre kjøpstadene i Møre fylke. Frå 1922 til -24 var Müller formann i Frisinna Venstre, og i 1923-24 var han visepresident i Stortinget. Valbolken 1925-27 møtte han på Tinget ved eit par høve som varamann.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]