Oluf Saxe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oluf Saxe
Portrett av prest og stortingsmann Oluf Saxe, ca. 1880 - no-nb digifoto 20140325 00027 bldsa FA1445.jpg
Oluf Saxe ca. 1880.
Foto: Ludwik Szacinski de Ravics / Nasjonalbiblioteket
Fødd 12. desember 1838
Død

10. mai 1889

Yrke prest, politikar

Oluf Andreas Laurentius Saxe (12. desember 183810. mai 1889) var ein norsk lærar, prest og stortingsmann frå Kvinesdal.

Saxe var son til ein prest. Han vart student frå Nissens skole i Christiania i 1858 og cand. theol. i 1865. Før han avla embetseksamen, var han i 1860 lærar på borgarskulen i Flekkefjord og 1861 på Nissens skole. Lærar frå 1868 ved Hamar seminar, sidan 1873 styrar av seminaret. Jamsides læraryrket var han frå 1872 til -77 redaktør av Hamar stiftstidende. I 1888 vart Saxe sokneprest i Vang i Hedmark, døydde allereie året etter på Hamar.

Saxe representerte byane Hamar, Lillehammer og GjøvikStortinget frå 1880 til 1888. Alle dei tre valperiodane var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen. Saxe var i 1880 medlem av seminarlovkommisjonen. Han var medlem av Høgre frå då dette vart stifta i 1884.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]