Oluf Wold-Torne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oluf Wold-Torne
Oluf Wold-Torne.JPG
Fødd 7. november 1867
Son
Død

19. mars 1919
Oslo

Yrke kunstmålar, kunsthåndverker
Oluf Wold-Torne på Commons

Oluf Wold-Torne (fødd 7. november 1867 Vestby i Akershus, død 19. mars 1919) var ein norsk målar. Han var elev av Kristian Zahrtmann i København fem vintrar mellom 1890 og 1900, og i 1891 gjekk han òg i lære hos Erik Werenskiold og i 1893 hos Fernand Cormon og Alfred Philippe Roll i Paris. Opphald han hadde i i Firenze 1895–1896 og i Berlin, Italia og Paris 1904–1906 vart viktige for stilen hans.

Han studerte grundig eldre kunst, og dette prega den stilstreng, mørkstemte 1890-årsmåleria hans med landskap frå Vågå og Telemark og portretta av målaren Alfred Hauge (1897) og kona Kris (1899). Han fekk eit koloristisk gjennombrot etter at han møtte franske impresjonistar i Paris i 1900, og fra no av dreiv han i landskaps-, frukt- og blomsterbileta sine fargen opp i stadig større klangfylde og lyskraft, som òg var påverka av Paul Cézanne og Vincent van Gogh. Frå desse åra finn ein på Nasjonalmuseet/Nasjonalgalleriet i Oslo mellom anna Hest i fjellet (ca. 1902), Selvportrett (1905), Høstblomster og epler (1908) og Innseilingen til de lykkelige øyer (1911). Samstundes utforma han med grunnlag i barokken og rokokkoen sin norske folkekunst ein frodig dekorativ stil for biletteppe og glasmåleri, bokutstyr, dekorative friser, møbølar, fajansar, pengesetlar og meir.

Frå 1912 til 1917 var han lærar ved Statens håndverks- og kunstindustriskole.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]